LEDIG STILLING:

Statkraft - Kraftverksgruppe Sogn søkjer Fagarbeider, mekanisk

Om stillingen:

Type: Fast, heiltid

Søknadsfrist: 1.6.2021

Tiltredelse: Etter avtale

Arbeidsstad: Sogn med utgangspunkt Gaupne

Kraftverksgruppe Sogn

Kraftverksgruppa har ansvar for drift og vedlikehald av 8 kraftverk som produserer til saman 3,4 TWh, og har i dag 34 tilsette. Kraftverksgruppa består av 3 vedlikehaldsgrupper med oppmøtestadar i Gaupne, Vik og i Høyanger.

Statkraft region Midt-Norge

Region Midt-Norge har ansvar for drift og vedlikehald av våre vass- og vindkraftanlegg i tidlegare Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og i Trøndelag fylke. Anlegga blir drifta av fire kraftverksgrupper i samarbeid med regionskontoret i Gaupne.

Vi søkjer etter ein ansvarsfull og fagleg dyktig person som jobbar godt saman med andre, og som er fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver og reising.


Hovudoppgåver
vil vere:

  • Utføre dagleg vedlikehald og rehabilitering av maskiner og utstyr i kraftanlegga
  • Montasje og andre relevante oppgåver knytt til drift og gjennomføring av prosjekt
  • Inngå i fagteam og bidra til effektiv utnytting av produksjonsressursane gjennom kostnadseffektivt vedlikehald i eit langsiktig perspektiv
  • Det vil vere aktuelt å delta i prosjekt eller vedlikehaldsarbeid i eiga kraftverksgruppe og også andre kraftverksgrupper ved behov
  • Tilsyn, tilstandsvurderingar og feilsøking
  • Dokumentere vedlikehald i samsvar med interne krav og rutinar


Personlege
eigenskapar:

  • Fagbrev som industrimekanikar, eller annan relevant mekanisk / teknisk utdanning
  • Erfaring frå kraftverksbransjen er ein fordel
  • Gode haldningar og sterk motivasjon i forhold til HMS
  • Gode kommunikasjonsevne munnleg og skriftleg
  • Det kan bli stilt helsekrav med tanke på fysisk arbeid og mulege oppgåver med brannberedskap/røykdykking
  • Kompetanse på hydraulikk og trykksette anlegg
  • Fordel med kjennskap til vedlikehaldssystem, vi bruker SAP vedlikehaldssystem
  • Fordel med kranførarbevis
  • Gode norsk og engelsk kunnskapar
  • Gode kompetanse i bruk av dataverktøy og andre PC-basert utstyr/applikasjonar
  • Sertifikat klasse B er nødvendig og andre sertifikat/godkjent opplæring er en fordel

Statkraft forvaltar kritisk infrastruktur og tenester i fleire land. Søkjar må difor vere eigna for tryggleiksklarering og autorisasjon. 


Statkraft tilbyr

  • Fagleg og personleg utvikling i eit konsern i sterk vekst
  • Eit godt arbeidsmiljø prega av kompetanse, ansvar og nyskaping
  • Mangfald med omsyn til alder, kjønn og kulturell bakgrunn
  • Konkurransedyktige vilkår og gode velferdsordningar

Søknadsfrist: 01.06.21

Powered by Labrador CMS