LEDIG STILLING:

Sogndal kommune søkjer rådmann/ kommunedirektør

Velkommen til Sogndal i Sogn - Samskapende, Open, God og Nysgjerrig. Her kan du kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar.

Om stillinga:

Om stillinga:

Arbeidsstad: Sogndal

Søknadsfrist: 26.05.21

Sogndal kommune søkjer ein inkluderande og trygg rådmann/kommunedirektør med innsikt i og forståing for samspelet mellom politikk, fag og administrasjon. Vi ser etter ein leiar som evnar å kombinere aktiv lytting med gjennomføringskraft, og som gler seg over medarbeidarar som lukkast.

Sogndal kommune yter gode tenester, og du vil ha ansvar for tilpassing og vidareutvikling av det eksisterande tilbodet . Vi er opptekne av kommunen som samfunnsutviklar, tilretteleggjar og vertskommune. Vidare ser vi det som avgjerande at ein ny rådmann/kommunedirektør etablerer gode relasjonar til nabokommunane, næringslivet og andre eksterne samarbeidspartar.

Vi ynskjer oss ein tydeleg og synleg leiar med god økonomiforståing, gode kommunikasjonsevner og ein tillitsbasert, motiverande og samlande leiarstil. Høgare relevant utdanning og dokumenterte resultat frå tidlegare leiarstillingar vert vektlagt.

Vi tilbyr stort handlingsrom og utfordrande oppgåver i ein kommune med dyktige medarbeidarar og utviklande arbeidsmiljø.

Spørsmål om stillinga kan rettast til ordførar Arnstein Menes tlf. 416 72 733 eller Mercuri Urval v/ Gro Reinertsen tlf. 975 59 058/Ole Petter Bratteberg tlf. 975 59 036. Alle førespurnadar vert handsama fortruleg.

Søk på stillinga på www.mercuriurval.no snarast, og seinast 26.05.2021

SØK HER

Det vert utarbeida offentleg søkarliste og vi viser til offentlegheitslova §25, andre ledd om høve til å verte unnateke søkarlista.

Powered by Labrador CMS