LEDIG STILLING:

Sogn regionråd søkjer prosjektleiar - Sogn for alle

Bli med å auke sysselsetjing og bulyst blant innvandrarar.

Informasjon om stillinga:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Sogn/Sogndal

Søknadsfrist: 10. mai

Fakta om arbeidsgivar:

Sogn regionråd er samarbeidsorgan for ni kommunar som blir sju frå 2020: Aurland, Høyanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.


Kommunane satsar heilskapleg på integrering av innvandrarar, og gjennomfører det fireårige prosjektet Sogn for alle. Innvandrarar representerer ein viktig ressurs for utvikling av sterke vekstbedrifter og gode lokalsamfunn. Målet for prosjektet Sogn for alle er å sikre verdiskaping og meir vekst gjennom auka sysselsetjing og bulyst blant innvandrarar. For å lukkast vil det krevje innsats og samhandling frå næringsliv, kommunar og frivillig sektor. Det er utarbeidd ein prosjektplan med mål, milepælar.

Sogn regionråd er samarbeidsorgan for kommunane Aurland, Høyanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.

Kommunane satsar heilskapleg på integrering av innvandrarar, og gjennomfører prosjektet Sogn for alle. Innvandrarar representerer ein viktig ressurs for utvikling av sterke vekstbedrifter og gode lokalsamfunn. Målet for prosjektet Sogn for alle er å sikre verdiskaping og meir vekst gjennom auka sysselsetjing og bulyst blant innvandrarar. Det er utarbeidd ein prosjektplan og strategi- og handlingsplan. Prosjektet starta i 2020 og vi har fått på plass ein struktur som sikrar brei involvering og samhandling med næringsliv, kommunar og frivillig sektor. Vi har etablert fire delprosjekt med kvar si arbeidsgruppe; arbeid, bustad, språk og utdanning og familie og fritid.

Vi har ledig 100% stilling som prosjektleiar i tre år frå 15. august 2021.


Arbeidsoppgåver

Prosjektleiar har ansvar for å leia, koordinera og følgja opp prosjektet, og oppgåver som inngår er å:

  • vera ein pådrivar for at arbeidspakkane i prosjektet blir gjennomført
  • ha eit tverrfagleg ansvar og kvalitetssikra det heilskaplege arbeidet
  • samarbeide med lokalt næringsliv, offentleg og frivillig sektor
  • samordna og motivera aktørane i det regionale utviklingsarbeidet
  • rapportera til styringsgruppa


Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning. Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensera for krav til utdanning.
  • Erfaring i å leia utviklings- og prosjektarbeid.
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne.
  • Næringslivsbakgrunn eller erfaring frå arbeid med næringslivet er ønskeleg.
  • Kjennskap til kommunesektoren og frivillig arbeid.


Vi ønskjer ein person som

  • Kan vise til oppnådde resultat og har evne til å driva utviklings- og fornyingsarbeid.
  • Er god på nettverksbygging og samhandling.
  • Er engasjert, initiativrik og sjølvstendig.
  • Har evne til å samarbeide med mange aktørar og til å motivera til utviklingsarbeid.


Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsoppgåver.
  • Aktivt og engasjerande arbeidsmiljø.
  • Lønn etter avtale.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.


Tilsetjingsvilkår

Tilsetjinga er mellombels med moglegheit for fast tilsetjing.Sogndal kommune er arbeidsgjevar.Søkjar må ha sertifikat klasse B og disponera eigen bil.Nynorsk vert nytta som skriftspråk.

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggja arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kun søknader sendt via EasyCruit vert tekne i betraktning.

Link til søknadsskjema: Send søknad

For mer informasjon kontakt
Karina Nerland , Mobil 908 30 284, Epost: [email protected]

Powered by Labrador CMS