LEDIG STILLING:

Nav Økonomiteneste har fleire ledige stillingar

Om arbeidsgivar:

NAV Økonomiteneste (ØT) er ein intern tenesteleverandør som leverer lønns- og rekneskapstenester til alle NAV sine statlege einingar. Dette inneber mellom anna utbetaling av 450 mrd. kroner i årlege ytingar, samt rettleiing for etaten sine 14 000 tilsette. NAV Økonomiteneste har ei viktig rolle for å sikre god rekneskapskvalitet i NAV. Eininga består av 90 tilsette fordelt på tre seksjonar og er lokalisert på Leikanger i Sogndal kommune, Vestland fylke.

Mellombels stilling kommunikasjonssenter

I samband med pågåande strategiprosess er eit av våre satsingsområder ei vidareutvikling av ØT sitt kommunikasjonssenter. I tillegg har ØT ei viktig rolle i å implementere fleire nye økonomiløysingar på driftsområdet i heile etaten dei næraste åra. Vi skal no styrke vårt miljø med ei midlertidig stilling som jobbar med kundehenvendelsar og informasjons- og opplæringsaktivitetar.

Les heile utlysninga her.

Vil du vere med å leie seksjon for Fagstøtte med ei variert og spennande oppgåveportefølje?

Seksjon for fagstøtte har vi ledig stilling som nestleiar, seksjonen blir leia av seksjonssjef og nestleiar. Fagstøtte har ei spanande og variert oppgåveportefølje. Seksjonen har ansvar for fleire av tenestene NAV ØT leverer til heile NAV, mellom anna informasjon, opplæring og kundesenteret vårt. Seksjonen koordinerer ØT sine utviklingsaktivitetar i stort, og har bygd opp eit tverrfagleg miljø som mellom anna nyttar teknologi aktivt for å effektivisere og forbetre arbeidsprosessar. Ansvar for interne strategi- og organisasjonsprosessar, samt andre fellesfunksjonar for ØT høyrer også til seksjonen. I tillegg har seksjonen ansvar for fleire tverrgåande arbeidslag.

Les heile utlysninga her.

Fagansvarleg kommunikasjonssenter

Kommunikasjonssenteret er organisert i seksjon for Fagstøtte. Vi er brukarstøtte for tilsette i etaten og leverandørar knytt til fagområda rekneskap, faktura og lønn. Vi hjelper kundane både på telefon og via digitale kanalar, og jobbar kontinuerleg med utarbeiding av informasjons- og opplæringsmateriell på våre område.

Les heile utlysninga her.

Søknadsfrist alle stillingane: 26.05.21

Powered by Labrador CMS