LEDIG STILLING:

Luster Sparebank søkjer økonomisjef

Informasjon om stillinga:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Luster

Søknadsfrist: 5. mai

Stillinga som økonomisjef får ein sentral rolle i den vidare utviklinga av banken og blir ein del av leiargruppa. Mellom anna god risikostyring, likviditetsstyring og etterleving av krav frå styresmaktene vil vere viktig for at banken skal lukkast med sine mål.


Arbeidsoppgåver

Informasjon om arbeidsgivar:

Luster Sparebank er ein solid og sjølvstendig sparebank med målsetjing om ekspansjon og vekst.


Banken har hovudkontor i Gaupne og filial på Hafslo i Luster Kommune. Me har 24 tilsette og konkurransedyktige tilbod av finansielle tenester, produkt og moderne digitale løysingar. Vår visjon er «Saman når me måla dine» og personleg kontakt, tillit, rådgjeving, raske avgjerder og god service er viktige element for oss. Dette ynskjer me å utvikle vidare i tråd med verdiane våre, som er «Personleg, Ansvarleg og Kompetent».

  • Overordna ansvar for rekneskap, økonomirapportering, analyse og budsjett
  • Likviditetsstyring
  • Risikostyring og internkontroll
  • Ansvar for å sikre god intern drift på avdelinga
  • Dagleg leiing og personalansvar for dei tilsette på avdelinga
  • Kvitvaskingsansvarleg
  • Ansvarleg for løn og pensjon


Ynskjelege kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning
  • Leiarerfaring
  • Relevant arbeidserfaring
  • Gode kunnskapar i bruk av relevant IT-verktøy og digitale løysingar


Personlege eigenskapar

Til denne stillinga søkjer me etter ein initiativrik og sjølvstendig person med god økonomisk forståing og analytiske evner, som jobbar nøyaktig og systematisk.

Du må vere løysingsorientert og god til å kommunisere, og i tillegg ha ei positiv innstilling som verdset godt arbeidsmiljø med lagspel og arbeidsglede.


Me kan tilby

Spanande og varierte oppgåver, som vert løyst i lag med trivelege arbeidskollegaer.Gode velferdsordningar, fleksitid og løn etter avtale.Moglegheit for fagleg og personleg utvikling.Bli med på utviklinga i Luster Sparebank, der gode løysingar og service til kundane står i fokus.

Nærare opplysningar om stillinga kan du få hjå Banksjef, Oddstein Haugen, tlf. 57 68 23 23 eller mobil 469 70 723.


Søknad og CV sender du per e-post til [email protected] innan 5. mai.

Sjå utlysninga på heimesida her.

Powered by Labrador CMS