LEDIG STILLING:

Bedriftshelse1 søkjer sjukepleiar til Høyanger

Sjukepleiar - 100 % vikariat, med moglegheit for forlenging

Om stillinga:

Stillingstype: Vikariat

Søknadsfrist: 21. mai 2021

Arbeidsstad: Høyanger

Dette er kanskje jobben for deg! Du er sjukepleiar, likar varierte utfordringar og du likar å ha gode kunderelasjonar. Saman med dyktige kollegaer vil du vere med å utvikle Bedriftshelse1 vidare, slik at vi kan møte kundane sine behov til ei kvar tid. Arbeidsstad blir ved kontoret vårt i Høyanger. Stillinga er 1 års vikariat, men med store moglegheiter for forlenging.

Dine hovudoppgåver vil vere:

  • Overvake og kontrollere arbeidstakarane si helse
  • Oppfølging og kontaktansvar mot kundar
  • Kartlegging av arbeidsmiljø
  • Kurs/undervisning på individ- og gruppenivå
  • Individuell tilrettelegging og rådgjeving
  • Oppfølging av sjukmelde og rettleiing i sjukefråversoppfølging


Vi ønskjer deg som har variert arbeidserfaring og interesse innan arbeidshelse:

  • Offentleg godkjend sjukepleiar
  • Evne til å byggje relasjonar
  • Evne til å jobbe i team, vere engasjert, uredd og initiativrik
  • Fleksibel og sjølvstendig
  • Ønskeleg med erfaring frå bedriftshelseteneste eller anna relevant erfaring
  • Ønskeleg med erfaring frå psykososialt arbeid/ konflikthandtering/AKAN-arbeid
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Vi tilbyr ei spennande stilling med fast arbeidstid og gode personalordningar, der du kan vere med å påverke og utvikle deg personleg. Vi har eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø.

Jobben vil medføre noko reising, så du må ha førarkort for personbil, samt disponere eigen bil.

For spørsmål, kontakt regionleiar Anders-Otto Plassen, tlf.: 959 24 628.

Sjå også vår heimeside www.bedriftshelse1.no.

Søknad med cv sendast til: [email protected].

Powered by Labrador CMS