LEDIG STILLING:

Årdal kommune søkjer økonomimedarbeidar

Me søkjer etter ny medarbeiar i økonomistaben.

Om stillingen:

Type: Fast

Søknadsfrist: 27.05.21

Om arbeidsgivar:

Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune.

Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært.

Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune.

I kommunen er det seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule.

På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette. Me har gode stipendordningar til etter- og vidareutdanning og kan yte lån/tilskot til tilsette som skaffar seg eige husvære i

kommunen.

Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no,

www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram.

Velkomen til oss i Årdal!

Hovudansvaret til økonomistaben er å ivareta og å utvikle økonomi- og rekneskapsarbeidet i kommunen i samarbeid med tenesteeiningane. Økonomistaben skal i tillegg være administrativ leiing og tenesteområda si støtte i saker knytt opp mot økonomiforvaltninga i kommunen. Kommunen nyttar Visma Enterprise sitt økonomisystem og har fokus på digitale verktøy for ein meir effektiv økonomiforvaltning.

Arbeidsoppgåver

  • Fakturahandsaming og betalingar.
  • Rekneskapsarbeid (kontering og bokføring).
  • Vederlagsberekning for opphald i institusjon.
  • Rettleiing og bistand internt i organisasjonen.

Kvalifikasjonskrav

  • Økonomi/rekneskapsutdanning frå høgskule.
  • Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskrav.
  • Erfaring frå kommunal økonomi og forvalting er ein fordel.

Personlege eigenskapar

  • Interesse for rekneskap, god arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.
  • Sjølvgåande, løysingsorientert og strukturert.
  • Omgjengeleg og gode samarbeidsevner.

Løn og tilsetjingsvilkår

  • Løn etter kvalifikasjonar.
  • 2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr

  • Gode pensjons- og forsikringsordingar.
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver.


Søknadsprosedyre

Gå til ledige stillingar på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no.


Søknadsfrist:
27.05.2021


Kontaktperson: Geir Hansen, Økonomisjef, mobil: 90552172, [email protected]

Powered by Labrador CMS