LEDIG STILLING:

Årdal kommune søkjer lærar til musikk- og kulturskulen

45% stilling som kunstlærar i Årdal Kommunale Musikk- og Kulturskule.

Om stillinga:

Stillingstype: Fast deltid

Søknadsfrist: 14.06.21

Om arbeidsgivar:

Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune.

Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune.

I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule.

På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette. Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning og kan yte lån/tilskot til tilsette som skaffar seg eige husvære i kommunen.

Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram.

Velkomen til oss i Årdal!

Stillinga er ledig frå 01.08.21

Stillinga si hovudoppgåve er å undervise elevar i visuelle kunstfag.

Kvalifikasjonskrav

Søkarar bør ha relevant kunstfagleg og/eller pedagogisk utdanning og kompetanse. Søkarar med realkompetanse innafor kunst- og handverk vert også teke med i vurderinga.

Personlege eigenskapar

Me søkjer ein kunstlærar som:Har gode pedagogiske evner i arbeid med barn og unge.Er idèrik, allsidig og kreativ.Er strukturert, sjølvstendig, positiv, initiativrik, løysingsorientert og strukturert.Vil vere med og utvikle ein god kulturskule.Er resultat- og utviklingsorientert, legg vekt på kvalitetssikring og har evne til å nå dei måla du set deg.Har arbeidsglede, godt humør og gode samarbeidsevner.Er med og bidreg til eit godt lærings- og arbeidsmiljø.Har gode kommunikative evner.Disponerer eigen bil då det kan vere fleire frammøteplassar på same dag.

Løn og tilsettingsvilkår

Stillinga er løna etter HTA vurdert utifrå utdanning og praksis.2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr

Eit spennande, variert og utfordrande arbeid.Undervisning av born og ungdom, i grupper.Eit godt kollegium i personalet ved Årdal Kommunale Musikk- og Kulturskule og deltaking i tverrfaglege prosjekt.Stillinga omfattar arbeid på ettermiddag/kveld.

Søknadsprosedyre

Gå til ledige stillingar på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no, eller

Søk her

Powered by Labrador CMS