LEDIG STILLING:

Årdal kommune har fleire ledige stillingar

Informasjon om arbeidsgivar:

Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune.

Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært.

Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein

kulturell- og idrettsaktiv kommune.

I kommunen er det 6 barnehagar, 2 skular, 1 vidaregåande skule.

På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette. Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning og kan yte lån/tilskot til tilsette som skaffar seg eige husvære i kommunen.

Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no,

www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram.

Velkomen til oss i Årdal!

Årdal kommune har desse stillingane ledige:

  • Leiar tilflyttarkontor 100% vikariat, søknadsfrist 03.05.2021
  • Fysioterapeut 100% vikariat, søknadsfrist 10.05.2021
  • Leiar NAV Årdal 100% fast, søknadsfrist 10.05.2021

Sjå fullstendige stillingsutlysingar på heimesida www.ardal.kommune.no under Ledige stillingar.

Powered by Labrador CMS