LEDIG STILLING:

Lærdal kommune søkjer sjukepleiar/ vernepleiar i Heimetenesta

Ynskjer du deg ein spanande jobb med faglege utfordringar, og mulegheiter for utviklling?
Då ser vi etter akkurat deg!

Om arbeidsgivar:

Lærdal kommune søker motiverte medarbeidarar som er kompetente, opne, pålitelege og samfunnsengasjerte.

Kvalitet i tenestene vert skapt gjennom godt arbeidsmiljø og mangfald blant tilsette.

Heimebasert omsorg yt tenester til 12 heildøgnsbemanna omsorgsbustader, i tillegg til alle flotte teneste mottakarane våre rundt om i bygda. Totalt er vi ca 75 tilsette i heile pleie og omsorg, og kanskje vert du vår nye kollega!

Dine oppgåver vil være å gje hjelp og rettleiing ved sjukdom og nedsett funksjonsevne, slik at brukaren opplev å meistre sin sjukdom/ helseplager i størst muleg grad. Systematisk kartlegging av brukarane og oppfølging for å avdekke forverring av tilstand, samt gode evner til å iverksette rette tiltak, der meistring av eige liv for brukaren er målsetnaden.

Ernæringskartlegging, kvardagsrehabilitering, velferdsteknologi, palliasjon og medisinsk oppfølging vil vere stikkord i ditt arbeid. Samt tverrfagleg samarbeid med ulike fagmiljø, fastlege og spesialitshelsetenasta.

Er dette deg?

  • Høg arbeidsmoral
  • Ynskjer fagleg og personleg utvikling
  • Trives med menneske
  • Fleksibel og god på samhandling - finn den beste løsninga
  • Serviceinnstilt og positiv
  • Handlingsorientert og ansvarsbevisst
  • Evne til å arbeide i eit hektisk miljø

Kjenner du deg igjen, ynskjer me oss gjerne ein søknad frå deg!

Vi har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar/ vernepleiar i heimebasert omsorg

Stillinga har turnus med arbeid kvar 3. helg.

Hjå oss får du:

  • Godt arbeidsmiljø blant flotte kollegaer!
  • Fagleg utvikling
  • Mulegheit til å påverke eigen arbeidskvardag
  • Mulegheit for vidareutdanning
  • Støttande leiing
  • Gode pensjonsordninger, ulykkes- og gruppelivsforsikring

Kva kvalifikasjonar krev vi?

  • Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Førerkort klasse B - godkjent i Norge
  • Gyldig politiattest
  • Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Lønsvilkår:

  • Lønn etter tariff
  • Pensjonsordning KLP

Send søknaden via Lærdal kommune si heimeside: www.laerdal.kommune.no under fana "ledige stillingar".

Søknadsfrist 27.12.2021

Kontaktperson: Toril Tørvi Grøthe, Einingsleiar pleie og omsorg, tlf: 91360633, mobil: 91360633, [email protected]

..

SØK HER

Powered by Labrador CMS