LEDIG STILLING:

Lærdal kommune søkjer rettleiar NAV - 100% vikariat

Me har ledig 100 % vikariat som rettleiar frå 01.09.2021 til 30.06.2022.

Om arbeidsgivar:

Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling. I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen. Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

NAV Lærdal og NAV Aurland har 9 stillingar medrekna flyktningtenesta. Vi legg stor vekt på å lære i lag. Vi utviklar godt medarbeidarskap gjennom samarbeid. Hjå oss tek vi ansvar for eiga utvikling. Vi ynskjer å tilsetje deg som finn gode løysingar i samhandling med personbrukarar og bedrifter. NAV Lærdal og NAV Aurland samarbeider om oppgåveløysing, og er ein del av NAV region Sogn. Innhald og fordeling av type arbeidsoppgåver kan endrast.


Arbeidsoppgåver og metodar

  • Oppfølging av brukarar med rettleiing av god kvalitet, der målet er å komme i arbeid og aktivitet
  • Oppfølging av Flyktningar i Introduksjonsprogram og i busetjingsperioden
  • Sosialt arbeid med ansvar for oppfølging og skriving av sosialfaglege vedtak
  • Etablere og vidareutvikle kontakt med bedrifter
  • Rettleiing i mottak
  • Nytte metodar i arbeidet som t.d. motiverande intervju (MI), og gruppeoppfølging
  • Samarbeide med andre organisasjonar for å nå gode brukarmål
  • Andre oppgåver, eller endringar i oppgåver kan påreknast


Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-årig utdanning frå universitet/høgskule, gjerne innan sosial- eller samfunnsfagleg retning. Utdanning innan rettleiingsfag kan også eigne seg. Vi ser gjerne at du har tilleggsutdanning. Ved svært god og relevant arbeidspraksis kan ein fråvike utdanningskravet
  • Det er ynskjeleg med erfaring med saksutgreiing, eller skriving av vedtak innafor offentleg administrasjon
  • Gode ferdigheiter med kommunikasjon, skriftleg, og munnleg. Du er rask og trygg i bruk av ulike elektroniske verktøy
  • Krav om førarkort klasse B


Personlege eigenskapar

  • Erfaring og forståing for menneske i ein vanskeleg livssituasjon
  • Evne til å motivere, og til å møte brukarar med respekt
  • Du må ha forståing for samfunnsoppdraget til NAV og arbeidslinja
  • Du er positiv, tek initiativ, har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • Vi ser etter ein person som også kan arbeida godt med bedrifts- og arbeidslinja
  • Du medverkar til eit godt arbeidsmiljøet i saman med dei tilsette


Me kan tilby

  • Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innafor eit viktig samfunnsområde
  • Eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning gjennom Kommunal Landspensjonskasse (trekt 2%)
  • Fleksibel arbeidstid
  • Opplæring
  • Løn etter avtale

Kontaktperson: Einar Moen, Nav leiar, [email protected], Mobil 90991539.


SØK HER

Powered by Labrador CMS