LEDIG STILLING:

Lærdal kommune søkjer IKT - prosjektmedarbeider - engasjement
- 2.gongs utlysing

IKT står sentralt i utviklinga av kommunen og dei kommunale tenestene. Lærdal kommune har behov for å styrke kapasitet og kompetanse på drift og utvikling av våre IKT-system. Me søkjer etter IKT-medarbeidar i 100% stilling, engasjement i eitt år, frå snarast. Stillinga vert og ein del av det interkommunale IKT samarbeidet for kommunane Årdal, Lærdal og Aurland. Stillinga ligg til Stab/støtte.


Arbeidsoppgåver

Primæroppgåva er teknisk drift av IKT-system og verktøy i kommunen, deltaking i drift av felles IKT-plattform for kommunane Årdal og Lærdal. Skal også delta i den rullerande brukarstøtta av desse to kommunane og delta i forskjellege digitaliseringsprosjekt.

Stillinga vil inngå som ein del av eit arbeidsfellesskap på tvers av kommunane.


Kvalifikasjonskrav

  • IT-utdanning. Erfaring, realkompetanse kan kompensera for formell utdanning
  • generell god kjennskap til IKT-utstyr
  • god IT/AV teknisk forståing (nettverk, citrix, server/lagring, brukarar, videoutstyr osb.)
  • kompetanse og erfaring på server- og nettverksdrift
  • erfaring med brukarstøtte
  • kjennskap til informasjonssikkerheit og prinsipp for dokumentasjon


Personlege eigenskapar

  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • du må vere serviceinnstilt og fleksibel
  • systematisk og strukturert
  • evne til å arbeida målretta og sjølvstendig, men må også kunne jobbe godt i team

Det er krav om førarkort, då ein del av arbeidsoppgåvene må utførast ute hjå einingane.


Løn og tilsetjingsvilkår

Løn etter avtale

Må disponera eigen bil

2% av løn vert trekt til tariffesta tenestepensjon

Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Lærdal kommune


Me kan tilby

  • ein spennande jobb med utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • fleksibel arbeidstidsordning

Send søknaden via

Lærdal kommune si heimeside; www.laerdal.kommune.no under fana "ledige stillingar"


Søknadsfrist:
24.06.2021


Kontaktperson

Marianne Voldum, Organisasjon og personalleiar, mobil: 97582715, [email protected]

Amund Øvstetun, IKT-Rådgjevar, tlf: 95822109, mobil: 95822109, [email protected]

Powered by Labrador CMS