LEDIG STILLING:

Lærdal kommune søkjer hjelpepleiar eller helsefagarbeidar

Er du hjelpepleiar eller helsefagarbeidar? Ynskjer du deg ein spennande jobb med faglege utfordringar, og mogelegheiter for utvikling? Då ser me etter akkurat deg!

Pleie og omsorg i Lærdal kommune treng helsefagarbeidar/ hjelpepleiarar til stillingar på institusjon og i heimebasert omsorg. Dine oppgåver vil være å gje hjelp og rettleiing ved sjukdom og nedsett funksjonsevne, slik at brukaren opple å meistre sin sjukdom/ helseplage i størst mogleg grad. Du vil arbeide saman i team med anna helsefagleg personell, og ha ansvar for å utøve forsvarleg hjelp, pleie og omsorg. Tverrfagleg samarbeid med brukarane i fokus, der meistring av eige liv for brukaren er målsetnaden. Som helsefagarbeider/hjelpepleier vil du arbeide systematisk med velferdsteknologi, ernæring, medikamenthandtering, kvardagsrehabilitering og mykje meir.

..

Er dette deg?

  • Høg arbeidsmoral
  • Ynskjer fagleg og personleg utvikling
  • Trives med mennesker
  • Fleksibel og god på samhandling - finne den beste løsninga
  • Serviceinnstilt og positiv
  • Handlingsorientert og ansvarsbevisst
  • Evne til å arbeide i eit hektisk miljø

Om du kjenner deg igjen, ynskjer vi oss gjerne ein søknad frå deg!

..

Me har ledig:

  • 1 fast 80 % stilling i heimebasert omsorg
  • 1 fast 80 % stilling ved Lærdal bu og omsorgsheim
  • 1 fast 100 % stilling ved Lærdal bu og omsorgsheim.
  • Fleire stillingar knytt til helg/ tilkalling (studentar på helsefag vert oppfordra til å søke - rekrutteringslønn vert tilbydd)

Stillingane er turnus med arbeid kvar 3. helg.

..

Hjå oss får du:

  • Godt arbeidsmiljø blant flotte kollega
  • Fagleg utvikling
  • Mulegheit til å påverke eigen arbeidskvardag
  • Mulegheit for vidareutdanning
  • Støttande leiing
  • Gode pensjonsordningar, ulykkes- og gruppelivsforsikring

Kva kvalifikasjonar krev vi?

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar
  • Førarkort klasse B - godkjent i Norge
  • Gyldig politiattest
  • Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Lønsvilkår:

  • Løn etter tariff
  • 2 % pensjonsinnbetaling KLP

Litt om oss:

Lærdal kommune søker motiverte medarbeidarar som er kompetente, opne, pålitelege og samfunnsengasjerte.

Kvalitet i tenestene vert skapt gjennom godt arbeidsmiljø og mangfald blant tilsette.

Ved Lærdal bu og omsorgsheim er det 22 plassar - 4 korttid og 18 langtids plassar. I tillegg har me eige kjøkken, fysio/ergoterapeut, demenskoordinator og ein aktivitør som skapar liv og røre!

Heimebasert omsorg yter tenester til 12 heildøgnsbemanna omsorgsbustadar, i tillegg til alle flotte tenestemottakarane våre rundt om i bygda. Vi er sirka 75 tilsette i stort og smått, og kanskje vert du vår nye kollega?

Søknadsfrist 30.11.2021

Kontaktperson: Toril Tørvi Grøthe, Einingsleiar pleie og omsorg, tlf: 91360633, mobil: 91360633, [email protected]

SØK HER

Powered by Labrador CMS