Ynskjer du deg ein spanande jobb med faglege utfordringar, og mulegheit forutvikling?
Då ser me etter akkurat deg! Pleie og omsorg i Lærdal kommune treng helsefagarbeidarar/ hjelpepleiarar til stillingar i heimesjukepleien.
Dine oppgåver vil være å gje hjelp og rettleiing ved sjukdom og nedsett funksjonsevne, slik at brukaren opplever å meistre sin sjukdom/ helseplage i størst mogleg grad. Du vil jobbe samen i team med anna helsefagleg personell, og ha ansvar for å utøve forsvarleg hjelp, pleie og omsorg. Tverrfagleg samarbeid med brukarane i fokus, der meistring av eige liv for brukaren er målsetnaden.
Som helsefagarbeider/hjelpepleier vil du arbeide systematisk med velferdsteknologi, ernæring, medikamenthandtering, kvardagsrehabilitering og mykje meir.
Er dette deg?
- Høg arbeidsmoral
- Ynskjer faglag og personleg utvikling
- Trivest med menneske
- Fleksibel og god på samhandling - finn den beste løsningen
- Serviceinnstilt og positiv
- Handlingsorientert og ansvarsbevisst
- Evne til å arbeide i eit hektisk miljø
Om du kjenner deg igjen, ynskjer me oss gjerne ein søknad frå deg!
Me har ledig:
- 80 % fast stilling som helsefagarbeider
- 90 % fast stilling som helsefagarbeider
- Fleire stillingar knytt til helg/ tilkalling (studentar på helsefag vert oppfordra til å søkje)
Stillingane har turnus med arbeid kvar 3.helg.
Hjå oss får du:
- Godt arbeidsmiljø blant flotte kollegaer!
- Fagleg utvikling
- Mulegheitt til å påvirke eigen arbeidskvardag
- Mulegheit for vidareutdanning med økonomisk støtte
- Kompensasjon som rettleiar for lærlingar
- Støttande leiing
- Gode pensjonsordningar, ulykkes- og gruppelivsforsikring
Kva kvalifikasjonar me krev:
- Autorisasjon som helsefagarbeider eller hjelpepleier
- Førerkort klasse B - godkjent i Norge er føretrekt
- Gyldig politiattest
- Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Lønnsvilkår:
- lønn etter tariff
- 2 % pensjonsinnbetaling KLP
Om arbeidsgjevaren:
Lærdal kommune søker motiverte medarbeidarar som er kompetente, opne, pålitelege og samfunnsengasjerte.
Kvalitet i tenestene vert skapte gjennom godt arbeidsmiljø og mangfald blant tilsette.
Ved Lærdal bu og omsorgsheim er det 22 plassar, 4 korttid og 18 langtids plassar. I tillegg har vi eige kjøkken, fysio/ergoterapeut, fagkoordinator, demenskoordinator og ein aktivitør som skapar liv og røre!
Heimebasert omsorg yter tenester til 12 heildøgns bemann omsorgsbustader, i tillegg til alle flotte teneste mottakarane våre rundt om i bygda. Vi er sirka 75 tilsette i stort og smått, og kanskje vert du vår nye kollega!
Send søknaden via:
Lærdal kommune si heimeside: www.laerdal.kommune.no under fana "ledige stillingar".
Søknadsfrist 10.08.2022
Kontaktperson
Toril Tørvi Grøthe, Einingsleiar pleie og omsorg, tlf: 91360633, mobil: 91360633, toril.torvi@laerdal.kommune.no.
SØK HER