LEDIG STILLING:

Lærdal kommune har ledig stilling som vernepleiar

Me har ledig 100 % fast stilling som vernepleiar/sjukepleiar i Bu og miljøtenesta.

Om arbeidsgivar:

Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling. Vi er eit aktivt og framtidsretta samfunn. I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og

Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyr.

Me har årsturnus med arbeid kvar 4 helg. Vaktene er stort sett langvakter på 13 timar med nokre kortare vakter innimellom.

Arbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid knytt til avlastning og bustad
  • Primærkontaktansvar
  • Legemiddelhandtering
  • Rettleiing og fagleg kompetanseheving av personale
  • Ansvarleg for tiltaksplanar
  • Samarbeide med pårørande, verje og andre samarbeidspartnar
  • Dokumentasjon og journalføring

Krav til/ønskje om utdanning

  • Autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar

Personlege eigenskapar

  • Kunne vise respekt og rausheit i møte med andre
  • Tålmodigheit
  • Kan være trygg og tydeleg
  • Kan takle ulike utfordringar og uforutsette hendingar
  • Motiverande og positiv
  • Lojal og samarbeidsvillig
  • Personleg eigenheit vil bli vektlagt

Lønnsvilkår

  • Lønn etter tariff
  • Pensjonsordning med 2 % innbetaling KLP

Søknadsfrist: 08.11.2021

Kontaktperson: Hilde Lysne, Miljøterapeut, mobil: 90500039, [email protected]

...

SØK HER

Powered by Labrador CMS