LEDIG STILLING:

Lærdal kommune har 2 ledige sjukepleiar/ vernepleiarstillingar

2 ledige sjukepleiar/vernepleiarstillingar 100 % - Pleie og omsorg

Om arbeidsgivar:

Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling. I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen. Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

Me har ledig to faste stillingar som sjukepleiarar/vernepleiarar i 100 % i Pleie og omsorg. Eininga består av bu og omsorgsheim og heimebasert omsorg.

Er du oppteken av god eldreomsorg? Då vil me gjerne ha deg med på laget!

Me ynskjer ein person som nyttar faget og erfaringane til å:

  • møte brukaren med respekt
  • gje brukaren god omsorg og behandling
  • gje brukaren tryggheit og trøst
  • gje dei gode samtalar, støtte og motivere dei
  • bidra til god samhandling mellom kollega, brukarar og pårørande


Krav til/ønskje om utdanning

  • du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar og beherske norsk skriftleg og munnleg
  • videreutdanning i geriatri er føretrekt
  • du bør ha høg grad av struktur, fleksibilitet og evne til problemløysing
  • evne til å arbeide i eit hektisk miljø, tett på tilsette og brukarar
  • evne til å kunne jobbe sjølvstendig og bidra til godt samarbeid
  • ha fagkompetanse som bidreg til fagutvikling og kvalitetssikre tenester til brukarar
  • ha god IT-kompetanse
  • helst førarkort kl B
  • må kunne arbeide 3-delt turnus

Personlege eigenskapar vert vektlagde. Stillinga har krav om gyldig politiattest.


Lønnsvilkår

  • løn etter tariff
  • pensjonsordning med 2 % innbetaling til KLP


Me kan tilby

  • eit fagmiljø i utvikling
  • dyktige arbeidskollega og leiarar
  • eit godt arbeidsmiljø
  • høve til vidareutdanning med stipendordningar gjennom kommunen
  • rekrutteringsgodtgjersle 30.000 kr med bindingstid i 2 år


Send søknaden via

Lærdal kommune si heimeside; www.laerdal.kommune.no under fana "ledige stillingar".

Søknadsfrist: 31.08.21

SØK HER

Powered by Labrador CMS