LEDIG STILLING:

Lærdal kommune søkjer Prosjektleiar/ Helsesjukepleiar

Prosjektleiar/ Helsesjukepleiar - 100 % fast stilling

Om arbeidsgivar:

Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling. I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen. Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

Lærdal kommune har fått tilskotsmidlar til styrking av helsestasjon- og skulehelsetenesta I tillegg har me fått tilskot til førebyggingande arbeid og tidleg innsats retta mot barn, ungdom og unge vaksne. Stillinga er organisatorisk lagt til helsestasjon/helse, der tverrfagleg samarbeid på tvers av helse og oppvekst vert hovudfokus.

Kommunen har starta opp prosjektet "Tett på" som rettar seg mot barn og unge i kommunen. Stillinga vil vere knytt til arbeid med tidleg innsats og systemarbeid, og førebyggande arbeid mot ungdom med særleg vekt på rusførebygging.

Om helsestasjonen/oppvekst:Helsestasjonen har to helsesjukepleiarar i tilsaman 150 % stilling og jordmortenester i 20 % stilling. Tenesta følgjer opp alle barn og unge frå 0-20 år. Frå 2020 fekk me på plass kommunepsykolog som primært jobbar med barn og unge, og systemarbeid.

Kommunen har to barnehagar med tilsaman 92 barn og to grunnskular med tilsaman 228 elevar. Begge tenestene har eit godt samarbeid med bareverntenesta.


Me søkjer:

Me søkjer ein initiativrik og engasjert helsesjukepleiar som har interesse og engasjement for førebyggande helsearbeid med vekt på barn, unge og unge vaksne til 100 % fast stilling som prosjektleiar/helsesjukepleiar.


Kvalifikasjonskrav:

  • Offentleg godkjend sjukepleiar med vidareutdanning i helsesjukepleie
  • Erfaring med prosjektarbeid og førebyggande helsearbeid
  • Førarkort for personbil
  • Digital kompetanse


Personlege eigenskapar:

  • Evne til å jobbe sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevne- Fleksibilitet
  • Til utvikling av ei innovativ helseteneste trengs evne og vilje til nytenking, omstilling og problemløysning

Personlege eigenskapar vert vektlagde.


Me kan tilby:

  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer som er fagleg engasjerte og gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver
  • Offentlig tenestepensjonsordning
  • Kompetanseutvikling


Lønnsvilkår

Stillinga vert løna ut frå kvalifikasjonar og gjeldande tariffavtale. Pensjonsordning med 2 % innbetaling til KLP.


Send søknaden via

vår heimeside, www.laerdal.kommune.no under fana "ledige stillingar".

Søknadsfrist: 30.08.21

SØK HER

Powered by Labrador CMS