LEDIG STILLING:

Indre Sogn psykiatrisenter søkjer behandlar
Indre Sogn psykiatrisenter er eit moderne DPS delt i seksjon Dag og Døgn. Seksjon Dag er ein psykiatrisk poliklinikk for personar over 18 år. Ved poliklinikken er vi ein gjeng tilsette med ulik fagleg bakgrunn. Vi har eit godt samarbeid på tvers av kompetanse og funksjon. Vi tilbyr tenester til personar med ulike psykiske vanskar, til personar med rusavhengigheit, til straffedømde i fengsel og til eldre med psykiske vanskar og kognetive utfordringar.
På poliklinikken har vi faste møter der vi alle er samla for å utveksle erfaringar, informasjon, undervisning og ikkje minst for å legge gode planar for godt sosialt fellesskap.I tverrfagleg samansette team gir vi kvarandre støtte, rettleiing og motivasjon i det kliniske arbeidet.Vi har gode moglegheiter for kompetanseheving. Organisasjonen vår har fokus på forsking og innovasjon.Vertskommunen er Sogndal og folketalet i vårt opptaksområde er ca. 28 000. Kommunane i Indre Sogn er mellom anna kjent for sine bratte fjell og unike natur som er skapt for ei aktiv fritid: https://www.sogn.no/Ved seksjon Dag er det ledig 100% fast stilling som behandlar.
Vi søker etter deg som har helse- eller sosialfagleg bachelorutdanning, med relevant vidareutdanning og erfaring med psykoterapeutisk arbeid. Kjem du?!
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, vurdering og behandling av pasientar med psykiske lidingar og rusavhengigheit
- Behandling ut fra den einskilde pasient sine behov og medverknad
- Samhandling med pårørande
- Samhandling og samarbeid med aktuelle samarbeidspartar i 1. og 2. linjetenesta
- Poliklinisk og ambulant arbeid
Kvalifikasjonar
- Helse/sosialfagleg utdanning med relevant vidareutdanning
- Erfaring og interesse for arbeid med rusavhengigheit og psykiske lidingar
- Førarkort klasse B er ein føremon
- Søkarar utanfor skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
- Eigenerklæring om vaksinasjon- immunitetstilhøve, tuberkuloseundersøking og MRSA- testing må fyllast ut ved tilsetting.
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
- Evne til å skape gode relasjonar
- Gode samarbeidsevner
- Lyst til å utvikle deg saman med oss
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Gode mulegheiter for fagleg utvikling
- Engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer
- Trivelig arbeidsmiljø
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Søknadsfrist: 02.10.2022