LEDIG STILLING:

Hydro Årdal søkjer prosjektingeniør maskin, vannkraft

Vil du være med på å forme en bærekraftig fremtid?

Med sine 30 000 ansatte verden over og sin tilstedeværelse i en rekke markeder for aluminium, metallgjenvinning og fornybar energi besitter Hydro unik innsikt, kunnskap og kompetanse.

Vi har en stolt historie og ønsker å være ledende i arbeidet med å skape en bærekraftig fremtid ved å utvikle naturressurser til innovative produkter og løsninger. Det er alle våre dyktige medarbeidere som er vår viktigste suksessfaktor.

Klikk her for å utforske vår verden og kjernen i vår virksomhet.

Hydro Energi er ein av dei tre største kraftprodusentane i Noreg, med 42 vasskraftverk og ein vindpark på Tonstad som saman produsera heile 14 TWh fornybar energi. Av desse ligg 6 kraftverk i Sogn, med over 700 MW installert effekt fordelt på 13 turbinar. I dei komande åra vil det vere eit høgt aktivitetsnivå i Sogn, både med potensiell utbygging av nye, store vasskraftverk, oppgradering av våre eksisterande kraftstasjonar og større damrehabiliteringar. I tillegg til dette skal ein ivareta daglege oppgåver innan drift og vedlikehald. Me skal difor utvide teamet i Sogn med ein strukturert og framoverlent Prosjektingeniør maskin. 

I Hydro Energi Sogn har me 25 tilsette, hovudsakleg ingeniørar og operatørar, som driftar og utviklar vasskraftverka våre frå lokasjonane i Årdal og Fortun. Arbeidsmiljøet vårt er kjenneteikna av mykje godt humør og arbeid i tverrfaglege team. Hydro Energi oppfordrar alle tilsette til å engasjere seg på tvers av eige fag- og kraftverksområde for å utvide eigen kompetanse og bidra til kontinuerleg forbetring. Dette gjev ei unik moglegheit til å vere med og utvikle både lokal organisasjon og seg sjølv, i ein arbeidskvardag der ein kan veksle mellom arbeid i felt og kontor.

Di rolle som Prosjektingeniør maskin

Som vår nye prosjektingeniør maskin vert du ein nøkkelressurs i vårt ingeniørteam i avdeling for Teknisk støtte og prosjekter, og vår lokale maskinekspert som støtter drift og vedlikehald. Ei betydeleg del av stillinga vil gå med til å utvikle og gjennomføre prosjekter der di rolle vil tilpassast din kompetanse og dine interesser.

Dine oppgåver:

  • Maskinekspert med fokus på turbin, regulator, ventiler, luker og systemdesign
  • Bidragsytar i Hydro Energi sitt komponentnettverk med ingeniørar og ekspertar på tvers av kraftverksområda våra
  • Fagleg ansvar og teknisk leiing i kraftverksprosjekt – både oppgradering, rehabilitering og nybygg
  • Prosjektleiing og kontraktsansvar
  • Teknisk støtte til regionens Vassdragsteknisk Ansvarleg (VTA) ifm tilsyn, tilstandsvurderingar og vedlikehald. For den rette kandidaten er det moglegheiter for å bli VTA for maskintekniske komponentar
  • Inspeksjonar og tilstandsvurderingar
  • Aktiv bidragsytar for kontinuerleg forbetring og digitalisering

Kvifor velge oss: I Hydro veit vi at det er menneska som gjer ein skilnad. Difor legg vi stor vekt på både fagleg og personleg utvikling. På den måten byggar vi eit fellesskap av kompetente og motiverte kollegaer som bidreg til å løyse utfordringane som vi og verda står ovanfor.

Vi søker deg som:

  • Er utdanna maskiningeniør (master eller bachelor) eller liknande, gjerne med spesialisering i vannkraft. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning. 
  • Erfaring med og innsikt i vannkraftproduksjon er ein fordel
  • Er mobil, fleksibel og har kapasitet til å handtere oppgåver på tvers av lokasjonar
  • Jobbar systematisk og strukturert
  • Beherskar norsk og engelsk, skriftleg og munnleg
  • Trivast med ein travel kvardag på kontor og ute i felt
  • Har ein positiv og løysingsorientert innstilling

Vi tilbyr:

  • Ein spanande moglegheit til å være med på utviklinga av Hydro Energi Sogn samt vere ei sentral brikke i utbygging av nye kraftverk
  • Moglegheit for å arbeide i Noregs vakraste reguleringsanlegg med Jotunheimen som næraste nabo 
  • Moglegheit til å påverke det grøne skiftet og samfunnsutviklinga
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit tverrfagleg arbeidsmiljø prega av kompetanse, stoltheit og nytenking
  • Eit tett samarbeid med Hydro Energi sine andre lokasjonar, og moglegheit for å delta i fagnettverk for kunnskapsdeling

Annan informasjon:

Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er integrert i Hydros daglege virke. Det er vårt ansvar å beskytte våre tilsette si helse og sikkerheit, og bidra til ei berekraftig utvikling i dei nærmiljøa vi opererar. Vi søker derfor tilsette som vil bidra positivt til dette, gjennom sunne og bevisste HMS-haldningar.

Arbeidsplass vil vere i Øvre Årdal eller Fortun.

Vi ber deg venleg om å legge ved alle relevante vitnemål og karakterutskrifter med din søknad. Vi aksepterer kun elektroniske søknader. Søknadsbrev og CV mottas ikkje på e-post.

I vår rekrutteringsprosess brukar vi Semac bakgrunnssjekk.

Søknadsfrist: 03.12.2023

Hvis du har spørsmål kan du kontakte:

Leder, Kristen Johannes Rockland Aarethun, E-post: Kristen.Aarethun@hydro.com, Mobil: (Norway +47) 918 62 919

Rekrutterer, Bodil Madslien, E-post:Bodil.Madslien@hydro.com, Mobil: (Norway +47) 416 17 458

SØK NO

Powered by Labrador CMS