LEDIG STILLING:

HMR søkjer ein fremoverlent og løysingsorientert innkjøpssjef

HMR Hydeq AS søkjer etter ny leiar for forsyningsavdeling som utfører innkjøps-, logistikk- og ettermarknadstenester nasjonalt og internasjonalt for heile HMR-konsernet.

Det er gode tider innanfor HMR sine marknadssegment nasjonalt og internasjonalt. HMR Hydeq treng DEG til å vere med å vidareutvikle forsyningsaktivitetane som eit sentralt ledd i HMR si utvikling av framtidas berekraftige produkt og systemløysingar.

ARBEIDSOPPGÅVER

  • Overordna ansvar for innkjøp, logistikk og ettermarknad i HMR-konsernet
  • Innhente tilbod frå leverandørar og foreta kommersiell tilbodsevaluering
  • Utarbeide, forhandle og følge opp innkjøpskontrakter på materiell, utstyr og tenester
  • Delta i kalkylearbeid for nye prosjekter
  • Sikre kontinuerleg utvikling og implementering av effektive innkjøps- og arbeidsprosessar
  • Personalansvar for tilsette i avdelinga

KVALIFIKASJONAR

  • Relevant høgare utdanning innan økonomiske-, administrative- eller tekniske fag
  • Leiarerfaring og erfaring med internasjonal handel er ein fordel
  • Erfaring med ERP-system, fortrinnsvis Dynamics NAV
  • Flytande norsk og engelsk, skriftleg og munnleg
  • Relevant lang erfaring kan kompensere for utdanning

PERSONLEGE EIGENSKAPAR

  • Forhandlingsvant, løysingsorientert, engasjert, strukturert, ansvarsfull

ME TILBYR

  • Ein innovativ og framtidsretta arbeidsplass
  • Godt arbeidsmiljø og utfordrande oppgåver
  • Konkurransedyktige vilkår

ANDRE OPPLYSNINGAR

Arbeidsstad er i Øvre Årdal. Noko reiseverksemd må ein rekne med.

..

Spørsmål om stillingen

Endre Røyrvik, Dagleg leiar, tlf 958 62 997

Bente Sissel Myrland, Leiar Personalavdeling, tlf 480 22 677

..

Søknadsfrist: Snarast

SØK HER

Powered by Labrador CMS