LEDIG STILLING:

Helse Førde søkjer behandlar

Ledig stilling som behandlar ved Seksjon Dag sitt TSB/rusteam.

Om stillinga:

Søknadsfrist: 13.06.21

Stillingstype: 100% fast

Om arbeidsgivar:

Indre Sogn psykiatrisenter er eit moderne DPS delt i seksjon Dag og Døgn. Seksjon Dag har generell psykiatrisk poliklinikk, TSB team, jobbspesialistar, spisskompetanse på levevanar, alderspsykiatri med meir. Seksjon Døgn har 13 senger og eit ambulant team som arbeidder tett mot sengepost. Senteret er tverrfagleg bemanna med psykiaterar, legar, psykologspesialistar, psykologar, psykiatriske sjukepleiarar, kliniske sosionomar med meir.

Sogndal Bup er samlokalisert med Indre Sogn psykiatrisenter i Sogndal kommune. Saman utgjer vi eit moderne DPS senter i Sogn. Vertskommunen er mellom anna kjent for sine bratte fjell og unike natur som er skapt for ei aktiv fritid.

Ved seksjon Dag er det ledig fast stilling som behandlar med sosialfagleg høgskule utdanning frå september 2021 (fleksibel oppstartdato). Vi søker primært etter person med sosialfagleg bachelor, men dersom vi ikkje får kvalifiserte søkarar kan det vere aktuelt å tilsette frå andre yrkesgrupper med relevant vidareutdanning.

Eigenerklæring om vaksinasjon- immunitetstilhøve, tuberkuloseundersøking og MRSA- testing må fyllast ut ved tilsetting.

Arbeidsoppgåver

  • Vurdering, utgreiing og diagnostisering av pasientar med psykiske lidingar og rusavhengigheit
  • Poliklinisk og ambulant arbeid
  • Behandling ut fra den einskilde pasient sine behov og medverknad
  • Samhandling og samarbeid med aktuelle samarbeidspartar i 1. og 2. linjetenesta, Vik fengsel o.a
  • Samhandling med pårørande

Kvalifikasjonar

  • Sosialfagleg utdanning med relevant vidareutdanning
  • Erfaring og interesse for arbeid med rusavhengigheit og psykiske lidingar
  • Søkarar utanfor skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B

Utdanningsretning

  • Psykologi

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
  • Evne til å skape gode relasjonar
  • Gode samarbeidsevner
  • Lyst til å utvikle deg saman med oss
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Language

  • Norsk

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldende overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer
  • Triveleg arbeidsmiljø

Kontaktinformasjon

Brit Marie Follevåg, Seksjonsleiar, (+47) 576 27 500.
Øyvin Helge Myrmel, Avdelingssjef, (+47) 415 30 396.

Arbeidsstad

Dalavegen 296856 Sogndal

Søk på stillinga

Klikk her

Powered by Labrador CMS