LEDIG STILLING:

Hans Nes Bygg søkjer tømrar

Hans Nes Bygg AS søkjer dyktige tømrarar som likar variert arbeid. Er du ein som tek ansvar for oppgåvene du vert tildelt og set stoltheit i det resultatet du leverer? Er du i tillegg fagleg dyktig, strukturert og ein lagspelar, då vil du passe inn hjå oss. Her vil du få moglegheit til ein variert arbeidsdag som gir gode utviklingsmoglegheiter. Me tek på oss alle typar oppdrag innan bygg, i privat og offentleg regi. Dei fleste oppdraga er i Luster- og Sogndal kommune.

Arbeidsoppgåver:

  • Variert tømrararbeid i team eller sjølvstendige oppdrag.

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som tømrar
  • God erfaring frå tømrar / snikkararbeid
  • Arbeide sjølvstendig eller i team

Vi tilbyr:

  • Kjekke arbeidskameratar og eit godt arbeidsmiljø
  • Varierte og interessante arbeidsoppgåver
  • Konkurransedyktig lønn og bonusordning

Spørsmål om stillingane kan rettast til Hans Harald NesMobil 909 62 388 eller hans@hnb.no.

Skriftleg søknad med CV og referansar sendast på e-post til hans@hnb.no.

Søknadsfrist: Snarast

Powered by Labrador CMS