LEDIG STILLING:

Fureli Maskin søkjer Driftsleiar og Betongmedarbeidar

Vi er allereie ein god gjeng hjå Fureli Maskin AS, men vi har behov for å
styrkje laget vårt og søkjer etter driftsleiar og betongmedarbeidar.

Om arbeidsgivar:

Fureli Maskin AS er ein maskinentreprenør etablert i 2007 med base i Vadheim i Høyanger kommune som tek på seg oppdrag privatpersonar, bedrifter og det offentlege i Sogn og Sunnfjord.

Vår Visjon er å være den mest føretrekte maskinentreprenøren i vår region, der vårt varemerke er punktlegheit og kompetanse i alt vi gjer. Vi er løysingsorienterte, fleksible og leverer i samsvar med avtale.

Fureli Maskin AS er godkjend lærebedrift, medlem av Maskinentreprenørenes Forbund (MEF) og innehar Sentral Godkjenning. Vi er i dag 7 tilsette, kor av 1 lærling som kvar dag legg både stoltheita og kompetansen i å utføre oppdrag på ein nøyaktig og effektiv måte.

Driftsleiar

Vi søkjer ein person som er sjølvstendig, strukturert, løysingsorientert og ansvarsbevisst med relevant utdanning og bakgrunn frå bygg og anlegg. Som driftsleiar får du spennande og varierte oppgåver både innan leiing, planlegging, kalkulasjon, drift, KS/HMS, kundekontakt og nettverksbygging. For den rette personen kan det vere moglegheit medeigarskap i selskapet.

Kvalifikasjonar:

- Teknisk fagskule eller ingeniør

- Ynskjeleg med leiarerfaring med fag- og personalansvar

- God framstilling- og kommunikasjonsevne i norsk munnleg og skriftleg

- Kjennskap til kvalitetssikring, helse, miljø og sikkerheit (KS/HMS)

- Førarkort kl. B er eit krav

Eigenskapar:

- Gode personlege eigenskapar som samarbeidsvillig, motiverande, sjølvstendig, strukturert, løysingsorientert og ansvarsbevisst.

- Gjennomføringsevne der ein utfører planar og oppnår gode resultat

- Ein ekte lagspelar som likar å finne løysingar, og som har evne til å arbeide sjølvstendig og i saman med andre

Vi tilbyr:

- Ein spennande og kundeorientert rolle

- Konkurransedyktige vilkår

- Utviklingsmoglegheiter

..

Betongarbeidar

Vi tek på oss en del mindre betongarbeid og søkjer etter ein allsidig, kreativ person, som er sjølvstendig, strukturert, løysingsorientert og ansvarsbevisst med fagbrev som betongarbeidar/forskalingssnikkar. Stillinga som er både sjølvstendig og i samarbeid som krev forståing for effektiv og lønsam drift, sikkerheit og kvalitet i arbeidet. Må vere villig til å utføre anna type arbeid i bedrifta innimellom betongoppdraga.

Kvalifikasjonar:

- Fagbrev som betongarbeidar/forskalingssnikkar.

- Teknisk forståing – evne til å lese tekniske teikningar

- God framstilling- og kommunikasjonsevne i norsk munnleg og skriftleg

- Kjennskap til kvalitetssikring, helse, miljø og sikkerheit (KS/HMS)

- Førarkort kl. BE er eit krav

Eigenskapar:

- Gode personlege eigenskapar som samarbeidsvillig, motiverande, sjølvstendig, strukturert, løysingsorientert, kvalitet- og ansvarsbevisst.

- Gjennomføringsevne der ein utfører planar og oppnår gode resultat

- Ein ekte lagspelar som likar å finne løysingar, og som har evne til å arbeide sjølvstendig og i saman med andre

Vi tilbyr:

- Ein spennande og kundeorientert rolle

- Konkurransedyktige vilkår

- Utviklingsmoglegheiter

...

Har du spørsmål eller ynskjer meir informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt med: Dagleg leiar Leif Arne Fureli på tlf. 91601512 eller [email protected]

Søknadsfrist er snarast – søknaden vil bli handsama fortløpande, så send gjerne søknad så snart som mogeleg.

Powered by Labrador CMS