LEDIG STILLING:

DigDir søkjer seksjonssjef for data i uu-tilsynet

Om arbeidsgivar:

Digdir er underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Direktoratet har om lag 330 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Vi har fire fagavdelingar, to stabs- og støtteavdelingar og eit tilsyn for universell utforming av ikt som har ei særskilt uavhengig rolle. Våre verdiar er påliteleg, inkluderande og uredd.

Digdir er regjeringas fremste verktøy for ei raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor. Direktoratet skal bidra til enklare og meir tilgjengelege offentlege tenester for innbyggarane og auka verdiskaping for næringslivet. Visjonen vår er saman for ein enklare digital kvardag.

Ikt-løysingar i Norge skal være universelt utforma. Dette gjeld nettstader, appar og automatar. Tilsynet i Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) fører tilsyn med at private og offentlege verksemder, lag og organisasjonar følger forskrift om universell utforming av ikt. Tilsynet rettleiar om universell utforming av ikt og jobbar for et samfunn utan digitale barrierar.

Vi har som mål å skape eit meir datadrive tilsyn, blant anna gjennom å digitalisere våre prosessar.

Vi opprettar ein ny seksjon for data i uu-tilsynet. Som seksjonssjef får du ansvar for å leie og vidareutvikle ein seksjon med 8-10 stillingar. Du vil inngå i leiargruppa i avdeling for tilsyn for uu av ikt og rapportere til tilsynsdirektøren. Tilsynet er organisert som ei fagleg uavhengig avdeling i Digdir.

Stillinga er fast og arbeidsstad er Leikanger. Kontorstad på ein av våre andre lokasjonar i Brønnøysund eller Oslo kan vurderast i særlege tilfelle. 

Dine viktigaste oppgåver er å

  • leie seksjon for data
  • bidra til å bygge eit sterkt lag i tilsynet på tvers av seksjonar
  • bidra til tydelege prioriteringar og felles retning
  • vere ein aktiv bidragsytar til leiing av tilsynet der du er med og tek eit ansvar for heilskapen
  • sikre god dialog med våre samarbeidspartnarar
  • medarbeidarutvikling og personalansvar

Kvalifikasjonar

Du må ha

  • relevant høgare utdanning på mastergradnivå
  • erfaring frå å leie kunnskapsmedarbeidarar
  • erfaring frå endringsprosessar
  • evne til å kommunisere svært godt, skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
  • kompetanse innan eit eller fleire av desse områda:
    • Dataproduksjon- og dataforvaltning
    • Informasjonsforvaltning
    • Forvaltning av it-løysingar
    • Analyse og/eller utgreiing

Vi søker deg som

  • har gode leiareigenskapar med god gjennomføringsevne
  • har evne til å bygge lag og felles kultur
  • er strategisk med evne til å sikre felles forståing av rolla og sette felles mål
  • er resultatorientert
  • stiller tydelege krav og gir medarbeidarane tillit innafor tydelege rammer
  • er strukturert, ryddig og en god organisator

Vi tilbyr

  • eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
  • løn som seksjonssjef i lønsspennet kr 769 100 - kr 910 900 pr. år. For spesielt kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare lønn
  • familievennleg personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
  • opning for trening i arbeidstida
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som er en av landets beste pensjonsordninger med gunstig boliglån og gode forsikringsordninger

Les meir om å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen.

I tillegg til spennande faglege utfordringar kan vi også tilby kombinasjon av fleksibel arbeidstid og fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Visste du at Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar?

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss. Vi jobbar med å realisere regjeringas mål om at fem prosent av alle nytilsettingar skal vere personar med funksjonsnedsetting og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du oppgir opplysningar om funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CVen i søknaden, kan dette bli brukt anonymisert til statistikkformål.

Vil du vite meir?

For meir informasjon, kontakt gjerne

Avdelingsdirektør Malin Rygg E-post: [email protected]Telefon: 971 973 17

Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå NOKUT.

Søkarlister kan bli offentleggjort iht. offentleglova § 25. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette begrunnast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Du vil i så fall bli varsla.

Powered by Labrador CMS