LEDIG STILLING:

Vil du bidra til eit digitalt, datadrive tilsyn?

Digdir søkjer jurist

DigDir søkjer jurist

Om DigDir:

Digdir er underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Direktoratet har om lag 330 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Vi har fire fagavdelingar, to stabs- og støtteavdelingar og eit tilsyn for universell utforming av ikt som har ei særskilt uavhengig rolle. Våre verdiar er påliteleg, inkluderande og uredd.

Digdir er regjeringas fremste verktøy for ei raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor. Direktoratet skal bidra til enklare og meir tilgjengelege offentlege tenester for innbyggarane og auka verdiskaping for næringslivet. Visjonen vår er saman for ein enklare digital kvardag.

Ikt-løysingar i Noreg skal vere universelt utforma. Dette gjeld nettstader, appar og automatar. Tilsynet i Digitaliseringsdirektoratet fører tilsyn med at private og offentlege verksemder, lag og organisasjonar etterlever forskrift om universell utforming av ikt. Tilsynet rettleiar om universell utforming av ikt og arbeider for eit samfunn utan digitale barrierar.

Tilsynet har no ledig ei midlertidig stilling som jurist i 12 månadar. Stillinga er utlyst som førstekonsulent/rådgivar. Arbeidsstad er på Leikanger. Arbeidsstad ved vårt kontor i Oslo eller Brønnøysund kan vurderast i særlege tilfelle.

Uutilsynet er i vekst og får stadig fleire oppgåver knytt til oppfølging av nye direktiv frå EU, aukande sakshandsaming og utvikling til eit digitalt datadrive tilsyn. Det er venta at uutilsynet vil ha ein vekst dei kommande åra.

Vi tilbyr fagleg utvikling med varierte oppgåver på tvers av fagområda, og vi har eit uformelt og hyggeleg arbeidsmiljø med gode ordningar for medarbeidarane. Stillinga inngår i vårt juridiske team.

Arbeidsoppgåver

  • Leie/gjennomføre tilsyn av ikt-løysingar og annan juridisk sakshandsaming
  • Bidra til tilsynet si rettleiing til verksemder og innbyggarar gjennom foredrag, webinar, sosiale media og i andre kanalar
  • Leie/delta i prosjekt og utgreiingsarbeid, inkludert oppdrag frå departementet
  • Delta i internasjonalt arbeid


Kvalifikasjonar

Du må

  • ha fullført høgare utdanning med master i rettsvitskap/cand.jur
  • vere god til å uttrykke deg skriftleg og munnleg på norsk

Vi ønskjer også at du har kjennskap til og forståing for offentleg forvalting. Det telle positivt om du har erfaring med tilsyn, teknologi og prosjektarbeid.


Personlege eigenskapar

Vi legg vekt på at du har

  • gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
  • evne til å jobbe sjølvstendig og målretta
  • god organisasjonsforståing og analytiske evner
  • evne til og interesse for å arbeide i team og prosjekt

Vi legg stor vekt på at søkaren skal vere personleg eigna til stillinga.


Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss. Vi jobbar med å realisere regjeringas mål om at fem prosent av alle nytilsettingar skal vere personar med funksjonsnedsetting og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du oppgir opplysningar om funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CVen i søknaden, kan dette bli brukt anonymisert til statistikkformål.


Vi tilbyr

  • arbeidsoppgåver på eit felt prega av høg utviklingstakt og eit spennande samfunnsoppdrag
  • eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
  • løn som førstekonsulent eller rådgivar i lønsspennet kr 475 800 - 600 000 etter kvalifikasjonar
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
  • familievenleg personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
  • opning for to timar trening i veka i arbeidstida

Les meir om å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen.

I tillegg til spennande faglege utfordringar kan vi også tilby kombinasjon av fleksibel arbeidstid og fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Visste du at Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar?


Vil du vite meir?

Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne

Seksjonssjef Margrethe Berg GoksøyrE-post: [email protected]Telefon: 473 37 605

Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå NOKUT.

Søkarlister kan bli offentleggjort iht. offentleglova § 25. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette begrunnast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkerlista. Du vil i så fall bli varsla.

..

Søknadsfrist: 17. september 2021
Arbeidsgivar:
Digitaliseringsdirektoratet
Arbeidsstad:
Leikanger (Evt. Brønnøysund eller Oslo)

..

Søk no

Powered by Labrador CMS