LEDIG STILLING:

DigDir har ledig spennande IT-stilling som systemforvaltar

Om stillinga

Digdir er mellom anna leverandør av nasjonale fellesløysingar som ID-porten, kontakt- og reservasjonsregisteret, digital postkasse og eInnsyn.

Vi har ein stadig aukande oppdragsmengd, og for denne stillinga vil ein viktig del av arbeidsoppgåvene være teknisk oppfølging av henvendelsar frå offentlege verksemdersom bruker eller ønsker å ta i bruk både nye og eksisterande nasjonale fellesløysingar. Du vil også ha eit ansvar for å følge opp henvendelsar fra leverandørar og samarbeidspartnarar

Arbeidsoppgåvene utførast i tett samspel med utvikling, krav og forretning i avdelinga, og du vil kunne bli involvert i utviklingsarbeidet.

Du har gjerne relevant arbeidserfaring, og nyutdanna kan også søke. Stillinga er fast med arbeidsstad Leikanger.

I tillegg til interessante faglege utfordringar kan vi tilby ein kombinasjon av fleksibel arbeidstid og fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen.

Sentrale oppgåver

  • Konfigurere og koble på kunden til våre løysingar
  • Teknisk oppfølging og behandling av spørsmål frå kundar til dømes offentlege verksemder og leverandørar
  • Ivareta funksjonelle behov og vere bindeledd mellom kunden og utvikling/forretning
  • Vidareutvikle arbeidsprosessar og rutinar for teknisk oppfølging av kundar

Kvalifikasjonar

Du må ha

  • tre års utdanning eller høgre frå universitet eller høgskole innan IT-fag. Relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Vi søkjer deg som

  • er oppteken av og nysgjerrig på ny teknologi
  • vil jobbe med teknologi som faktisk betyr noko for andre
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • kan jobbe sjølvstendig og i team
  • er engasjert, strukturert og løysingsorientert

Vi tilbyr deg

  • arbeidsoppgåver på eit felt prega av høg utviklingstakt og eit spennande samfunnsoppdrag
  • eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
  • løn som rådgjevar eller seniorrådgjevar i spennet kr 500 000– kr 700 000 pr. år etter kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgre løn
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
  • familievenleg personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
  • opning for to timar trening i veka i arbeidstida

Les meir om å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen.

I tillegg til spennande faglege utfordringar kan vi også tilby kombinasjon av fleksibel arbeidstid og fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Visste du at Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar?

Vil du vite meir?

Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer meir informasjon, så ta kontakt med

Seksjonssjef Nina Olsen Munthe, E-post: NinaMunthe.Olsen@digdir.no, Tlf: 41 21 70 46

Seniorrådgivar Eirik Hoem, E-post: Eirik.Hoem@digdir.no, Tlf: 40 20 34 02

Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå NOKUT.

Søkarlister kan bli offentleggjort iht. offentleglova § 25. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette begrunnast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkerlista. Du vil i så fall bli varsla.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss. Vi jobbar med å realisere regjeringas mål om at fem prosent av alle nytilsettingar skal vere personar med funksjonsnedsetting og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du oppgir opplysningar om funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CVen i søknaden, kan dette bli brukt anonymisert til statistikkformål.

Om Digitaliseringsdirektoratet

Digdir er underlagt Kommunal- og distriksdepartementet. Direktoratet har om lag 360 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Vi har fire fagavdelingar, tre stabs- og støtteavdelingar og eit tilsyn for universell utforming av ikt, som har ei særskilt uavhengig rolle. Våre verdiar er påliteleg, inkluderande og uredd.

Digdir er regjeringas fremste verktøy for ei raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor. Direktoratet skal bidra til enklare og meir tilgjengelege offentlege tenester for innbyggarane og auka verdiskaping for næringslivet. Visjonen vår er saman for ein enklare digital kvardag.

Søk stillinga

Søknadsfrist: 19. mai 2022

Powered by Labrador CMS