LEDIG STILLING:

BUTIKKSJEF FELLESKJØPET I LÆRDAL

Grunna auka aktivitet på fleire område samt bygging av nytt pakkeri og samlokalisering av FK-butikk, som skal vera ferdig sommaren 2022, treng me no meir folk i butikken vår:

Om Sogn Frukt og Grønt SA:

Sogn Frukt og Grønt SA er eit samvirkeføretak som omset poteter, grønsaker eple, pærer plommer , moreller og bær. Dyrkarmiljøet er samla i ein slagkraftig organisasjon som står for felles produksjonsplanlegging og avtalar med grossistar, drift av fellestenester for produsentane og samordning av lokale utviklingstiltak. Omsetning i 2020 var totalt 100 mill. kr. Utviklingsmulegheitene er store på fleire område, og nye satsingar har alt gitt stor vekst. Verksemda har for tida 10 fast tilsette og om lag 40 personar i produksjonssesongen. Sogn Frukt og Grønt driv også ein Felleskjøpetbutikk som i tillegg til proffmarknaden også er retta mot vanlege forbrukarar.

Me er på jakt etter ein strukturert person med godt humør, stor arbeidskapasitet og vilje til å ta initiativ. Du må kunne hjelpe oss med desse oppgåvene
..

Ansvarleg for den dagleg drifta av Felleskjøpetbutikken i Lærdal

  • Økonomioppfølging og -rapportering
  • Fakturering og oppfølging av dette
  • Vaktplanar og ferieavvikling
  • Generelt butikkarbeid

..
Vidareutvikling av butikken

  • Arbeid med sal av spesialprodukt til bønder og produsentar i og utanfor Lærdal
  • Planlegging av aktivitetar og arrangement i butikken
  • Planlegging av ny butikk og innføring av nytt butikkdatasystem

..
Me ser gjerne at du har:

  • Leiarerfaring
  • Erfaring frå butikkarbeid
  • God kjennskap til landbrukssektoren
  • Gode IT-kunnskapar
  • God kremmarånd

Me kan tilby konkurransedyktig lønn og eit godt arbeidsmiljø i ei spennande bedrift i god utvikling.

Ta kontakt med dagleg leiar, Knut Rune Bøe, på telefon 99 43 63 20 for ein uforpliktande prat!

Skriftleg søknad skal sendast på epost til [email protected] seinast 20. september 2021.

Powered by Labrador CMS