LEDIG STILLING:

Bli med på laget! Tide Buss søkjer sjåførar til Lærdal og Årdal
Vi søkjer sjåførar til våre stasjoneringar i Lærdal og Årdal.
Vi køyrer rutebuss på oppdrag frå Skyss og er stasjonert i alle kommunane i Indre Sogn. Anbodet i Sogn har om lag 100 flotte tilsette. Stasjoneringane i Lærdal og Årdal har for tida 8 tilsette kvar.
Jobben er meir enn å køyre buss frå A til B. Du har ansvar både for bussen og passasjerane. Du må difor vere glad i å køyre og trivast med å arbeide med menneske. Som bussjåfør er du vår representant og vårt ansikt utad.
Alle nye sjåførar vil få god opplæring.
Utover tydelege rammer for løns- og arbeidsbetingelser har våre medarbeidarar gode pensjons- og forsikringsordningar. Tide er tilknytt ordning for privat Avtalefesta Pensjon (AFP) – og det er eit viktig gode å vere bevisst på!
Vi søkjer deg som:
- Har gyldig førarkort for buss klasse D og YSK (Yrkessjåførkompetansebevis). Har du ikkje klasse D, men erfaring frå andre tyngre køyretøy så oppfordrar vi deg likevel til å ta kontakt.
- Har, eller vil kunne få, køyresetel.
- Munnleg og skriftleg norsk på minimum nivå B1
- Trygg og behageleg køyrestil
- Sørvisinnstilt
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med Nils Solheim i Årdal for ein uformell prat, tlf. 900 82 244 eller nils.solheim@tide.no.
Søknadsfrist: 31.10.2022