LEDIG STILLING:

Bent Vikøren AS søkjer Baderomsdesignar/butikkansvarleg

Om arbeidsgivar:

Som medlem i Bademiljø-kjeda står bedrifta vår, Bent Vikøren AS, for fagleg dugleik, pålitelegheit og kreativitet. Vi skal vere «Best på bad» og er ein totalleverandør av bad og våtrom, og utfører alle typar røyrleggjartenester. Innan faget er vi både inspiratorar, rådgjevarar og problemløysarar.

Vi treg ein person som er interiørinteressert og utviklingsorientert.


Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for å leie og drive butikken i tråd med strategi og konsept for Bademiljøkjeda
  • Ansvar for sentrale og lokale kampanjar og for bedrifta sine aktivitetar på sosiale medium.
  • Kundebehandling og sal av løysingar og produkt
  • Vidareutvikle butikken i takt med forbrukarane sine behov og trendar i marknaden
  • Innkjøp og bestillingar

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Interessert i sal og kundebehandling
  • Interesse for interiør, fargar og baderomsdesign
  • Kreativ, utadvent og flink til å motivere og utvikle
  • Gode samarbeidsevner
  • Kunne bruke elektronisk kommunikasjonsverktøy og teikneprogram

Vi tilbyr:

  • Ei stilling med moglegheit til å vidareutvikle ei spennande røyrleggarbedrift
  • Stort ansvar med gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
  • Godt arbeidsmiljø
  • Arbeid i ei utfordrande og spanande bransje
  • Full opplæring i bruk av salsstøtteprogram, samt nødvendig fag/bransjekunnskap

Tilsetjing så fort som mogleg.


Søknadsfrist:
27. juli 2021


Om du lurer på noko ta kontakt med: Kristian Vikøren Asperanden 95800161, Even Vikøren Asperanden 95805387

Søknad kan sendast til: [email protected]

Powered by Labrador CMS