Bedriftshelse1 er ein lokal leverandør av førebyggande tenester innan helse, miljø og sikkerheit. Vi er ei offentleg godkjent bedriftshelseteneste med avdelingar i heile Vestland fylke og på Sunnmøre. Bedriftshelse1 har 11 kontor med 54 tilsette og ei omsetning på i overkant av 50 millionar. Hovudkontoret ligg i Sogndal.
Ledig stilling som økonomimedarbeider
Bedriftshelse1 har ledig 100% fast stilling som økonomimedarbeider ved vårt hovudkontor i Sogndal.
Du skal vere ein del av administrasjonen og vi ynskjer ein medarbeider med økonomibakgrunn eller rekneskapsførar som vil ha varierte administrative arbeidsoppgåver. Du skal jobbe med rekneskap og økonomi, fakturering, internkontroll, kursporteføljen vår og utføre ulike andre administrative oppgåver.
For stillinga gjeld:
Gode samarbeids– og kommunikasjonsevne
Høg arbeidskapasitet og tole eit høgt tempo
Strukturert, analytisk og løysingsorientert
Ha høgare utdanning
Evne til å jobbe i team, vere engasjert og initiativrik
Evne til å knyte gode relasjonar til kollegaer og vere med på å utvikle arbeidsmiljøet
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Fleksibel
Vi kan tilby:
Utfordrande, spennande og varierte arbeidsoppgåver i ein bransje i stor endring
Tverrfagleg, hektisk og godt arbeidsmiljø
Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
Lønn og andre vilkår etter avtale
Kontorstad er Sogndal.
Søknad med CV, vitnemål og attestar sender du til [email protected].
Spørsmål om stillingane kan rettast til administrerande direktør Randi Marie Sjøholt tlf: 952 35 874