LEDIG STILLING:

Bedriftshelse1 søkjer bedriftslege til Årdal

VI HAR LEDIG 100% FAST STILLING SOM BEDRIFTSLEGE VED VÅRT KONTOR I ÅRDAL

Om arbeidsgivar:

Bedriftshelse1 er ein lokal leverandør av førebyggande tenester innan helse, miljø og sikkerheit. Bedriftshelse1 er offentleg godkjent bedriftshelseteneste med avdelingar i Sogn og Fjordane, Hordaland og på Sunnmøre. Vi er 51 medarbeidarar og hovudkontoret ligg i Sogndal. Du kan lese meir om oss på www.bedriftshelse1.no.

Eit av kontora til Bedriftshelse1 er lokalisert ved Hydro Aluminium Årdal Metallverk i Årdal kommune, innerst i Sognefjorden. Her ligg inngangsporten til Vest-Jotunheimen, med tilgang til ville og vakre Utladalen og stortoppane i Hurrungane. Området gir flotte mulegheiter for friluftsaktivitetar både sommar- og vinterstid, og kommunen har svært gode oppvekstvilkår for barn og ungdom. Metallverket har omkring 540 fast tilsette, og i tillegg har Hydro senter for teknologiutvikling lokalisert i Årdal, med omkring 100 tilsette.

Som tilsett i Bedriftshelse1 har du 37,5 timar arbeidsveke og fri kvar helg.

Bedriftslege

Vi har ledige 100% fast stilling som bedriftslege ved vårt kontor i Årdal.

Har du lyst på ein spennande og engasjerande jobb som bedriftslege hjå oss?

Vi har fleire bedriftslegar og har eit godt fagleg og utviklande miljø. Legane jobbar tett opp mot dei andre faggruppene i verksemda, og samarbeid på tvers av fag er noko som gjer jobben hjå oss spennande. Størstedelen av stillinga blir nytta opp mot Hydro Aluminium sitt anlegg i Årdal og deira underleverandørar. Å jobba med industribedrifter er noko av det som gjer denne jobben ekstra utfordrande og spennande. Vi har ein hektisk, men kjekk kvardag og samarbeider svært godt med våre kundar.

Saman med Hydro Aluminium legg vi til rette for at unge tilflytta arbeidstakarar skal trivast godt og komme godt inn i det aktive miljøet i Årdal.

Stillingane krev at du har:

  • Høg arbeidskapasitet, er initiativrik og motivert.

Arbeidsoppgåver:

  • Førebyggjande og helsefremmande arbeidsmiljøoppgåver
  • Arbeide med eit bredt spekter av arbeidsmedisinske faktorar, i nær samhandling med kundar, arbeidsgjevar og tilsette.
  • Bevisstgjering og tilrettelegging for å skape eit helsefremjande arbeidsmiljø, både på organisatorisk, gruppe- og individnivå
  • Målretta helseundersøkingar ut frå eksponering i arbeidsmiljøet

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som lege, gjerne med erfaring frå bedriftshelseteneste/HMS-arbeid
  • Kan vere spesialist i arbeidsmedisin/allmennmedisin
  • Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
  • Gode samarbeid– og kommunikasjonsevne
  • Evne til å jobbe i team, vere engasjert og initiativrik
  • Evne til å knyte gode relasjonar til ulike kundar og arbeidsmiljø
  • Må ha førarkort og bil til disposisjon, da noko reiseaktivitet må påreknast. Bedriftshelse1 har og firmabilar som blir nytta i teneste.

Vi kan tilby:

  • Utfordrande, spennande og varierte arbeidsoppgåver med høgt fagleg fokus
  • Tverrfagleg, spennande og godt arbeidsmiljø med fleire andre bedriftslegar
  • Fagleg oppdatering/vidare- og etterutdanning
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og stor fleksibilitet i utforming av arbeidsdagen. Opplæring blir gitt
  • Svært gode pensjonsordningar og personalforsikringar
  • Lønn og andre vilkår etter avtale, fri laurdag og søndag

Søknad med CV, vitnemål og attestar Bedriftshelse1, Fossetunet 1, 6856 Sogndal eller til [email protected]. Spørsmål om stillingane kan rettast til områdeleiar Annbjørg Lereng tlf: 99 38 49 45 eller adm.direktør Randi Marie Sjøholt tlf: 95 23 58 74.

Søknadsfrist: 12.12.2021

Powered by Labrador CMS