LEDIG STILLING:

Bedriftshelse1 søkjer administrasjonssjef

Om arbeidsgivar:

Bedriftshelse1 er ein lokal leverandør av førebyggande tenester innan helse, miljø og sikkerheit. Vi er ei offentleg godkjent bedriftshelseteneste med avdelingar i heile Vestland fylke og på Sunnmøre. Bedriftshelse1 har 11 kontor med 54 tilsette og ei omsetning på i overkant av 50 millionar. Hovudkontoret ligg i Sogndal.

Ledig stilling som administrasjonssjef

Trivst du med HR-arbeid, har erfaring frå administrasjonsleiing og er klar for nye utfordringar i 2023?

Bedriftshelse1 har ledig 100% fast stilling som administrasjonssjef ved vårt hovudkontor i Sogndal.

Vi er på jakt etter ein administrativ leiar som kan ivareta og utvikle våre medarbeidarar. Du vil få eit overordna HR-ansvar og rapportere til administrerande direktør. Du vil få ansvar for kompetansekartlegging, lønnskøyring, lønnsforhandlingar, nytilsette, kommunikasjon med ulike avdelingar, planlegge personalmøter og generelt ha eit overblikk over verksemda.

Jobben krev god kjennskap til IT-system og generell interesse for bruk av digitale verktøy. Du må ha økonomisk forståing og interesse, og det er ein fordel med leiarerfaring.

For stillinga gjeld:

  • Gode samarbeids– og kommunikasjonsevne
  • Høg arbeidskapasitet og tole eit høgt tempo
  • Strukturert, analytisk og løysingsorientert
  • Ha høgare utdanning
  • Evne til å jobbe i team, vere engasjert og initiativrik
  • Evne til å knyte gode relasjonar til kollegaer og vere med på å utvikle arbeidsmiljøet
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Fleksibel

Vi kan tilby:

  • Utfordrande, spennande og varierte arbeidsoppgåver i ein bransje i stor endring
  • Tverrfagleg, hektisk og godt arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Lønn og andre vilkår etter avtale

Kontorstad er Sogndal.

Søknad med CV, vitnemål og attestar sender du til [email protected].

Spørsmål om stillingane kan rettast til administrerande direktør Randi Marie Sjøholt tlf: 952 35 874

Søknadsfrist: 19. mars 2023

Les meir om Bedrifshelse1 her.

Powered by Labrador CMS