LEDIG STILLING:

Luster Sparebank søkjer banksjef

Banksjef Luster Sparebank

Om oss:

Luster Sparebank er ein solid og sjølvstendig sparebank med målsetjing om ekspansjon og vekst.

Banken har hovudkontor i Gaupne og filial på Hafslo i Luster Kommune, inst i Sogn omkransa av høge fjell, brear og djupe fjordar. Me har 24 tilsette og konkurransedyktige tilbod av finansielle tenester, produkt og moderne digitale løysingar til kundar over heile Noreg.

Vår visjon er «Saman når me måla dine». Personleg kontakt, tillit, rådgjeving, raske avgjerder og god service er viktige element for oss. Dette ynskjer me å utvikle vidare i tråd med verdiane våre, som er «Personleg, Ansvarleg og Kompetent».

Luster Sparebank har eit samarbeid med 8 andre sparebankar (De Samarbeidende Sparebankene), der føremålet er å styrke dei lokale sparebankane si konkurranseevne ved å utnytte potensialet gjennom mellom anna felles innkjøp og standardisering.

Noverande banksjef skal snart gå av med pensjon og me søkjer no etter nokon som kan ta over etter han, og vidareutvikle banken sin posisjon i marknaden.

Ynskjer du ein spanande jobb i vakre omgjevnader, kan dette vere det rette for deg.

Banksjefen har det strategiske og operative ansvaret for å leie verksemda i høve til dei føresetnader og målsetjingar som styret i banken vedtek.


Ynskjelege kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innan relevant fagområde
  • Relevant arbeidserfaring, gjerne innan økonomi og organisasjonsutvikling
  • Leiarerfaring, og eit ynskje om å utvikle seg som leiar
  • Sterkt kundefokus og god marknadsforståing
  • Samfunnsorientert og sterk på relasjonsbygging
  • Kjennskap til, og/eller evne til å setje seg inn i banksektoren sine krav i høve lover og forskrifter
  • Gode strategiske evner og sterk gjennomføringsevne
  • Kjennskap og interesse for relevant IT-verktøy og digitale løysingar


Personlege eigenskapar

Til denne stillinga søkjer me etter ein person med ein inspirerande og open leiarstil. Du må ha stor arbeidskapasitet og ein relasjonsskapande personlegdom som legg vekt på god samhandling og nettverksbygging mot lokale aktørar og andre viktige samarbeidspartar.

Me søkjer etter ein leiar som er til stades i organisasjonen, og som har gode kommunikasjonsevner og sosial forståing.

Ei positiv innstilling som verdset godt arbeidsmiljø med lagspel og arbeidsglede er viktig i vår organisasjon.


Me kan tilby

  • Høve til å leie ein sjølvstendig bank som er i posisjon for vidare utvikling og vekst
  • Høve til å jobbe aktivt, skape gode relasjonar og sikre banken sin posisjon gjennom aktiv deltaking i nettverket me har saman med De Samarbeidende Sparebankene
  • Spanande og varierte oppgåver, som vert løyst i lag med trivelege arbeidskollegaer
  • Gode velferdsordningar, fleksitid og løn etter avtale
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling

Bli med på utviklinga i Luster Sparebank, der gode løysingar og service til kundane står i fokus.

Nærare opplysningar om stillinga kan du få hjå Styreleiar, Svein Ove Slinde, tlf.901 79 678. Søknad og CV sender du per e-post til [email protected] innan 25.september.

Powered by Labrador CMS