LEDIG STILLING:

Aurland kommune søkjer økonomileiar

Me har ledig

Om arbeidsgivar:

Aurland ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Norges fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i sterk vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge og gode oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing. På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst med meir. Aurland er ei naturperle med høge fjell og djupe fjordar med flotte turar og merka toppturar. Om vinteren er det kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Gol og Hemsedal om du vil gå eller stå på ski. Vil du nyte god mat, har vi restaurant, kafe, bryggeri, og bakeri.

Aurland kommune har ledig 100% fast stilling som økonomileiar i avdeling for støtte og digitalisering. Støtte og digitalisering omfattar fagområda økonomi, lønn, HR/personal, IKT, informasjon, politisk sekretariat og sentralarkiv. Kommunen er organisert etter 2-nivåmodell med 11 tenesteeiningar og 2 stabsavdelingar. Aurland kommune er vertskommune for rekneskap og løn for Lærdal kommune.Som økonomileiar vil du få ei sentral rolle og du vil delta i arbeidet med organisasjonsutvikling, planarbeid, økonomirådgjeving og opplæring. Det er difor viktig at du er framtidsretta og har god formidlingsevne.

Arbeidsoppgåver

  • Ha det overordna og operative ansvaret for å leie og koordinere den samla økonomistyringa i Aurland kommune.
  • Ha ansvar for strategisk/analytisk planlegging og rådgjeving for den administrative- og politiske leiinga i kommunen.
  • Bidra til ein effektiv resultatutnytting og god økonomi- og verksemdsstyring.
  • Koordinere budsjettarbeid, årsrekneskap, tertial- og månadsrapportar og kvalitetssikre KOSTRA.
  • Gjennomføre økonomiske analyser og oppfølging av politiske vedtak innanfor økonomiområdet.
  • Finansforvaltning og finansieringsrådgjeving i investeringssaker.

Kvalifikasjonar

  • Relevant økonomiutdanning på minimum bachelorgradnivå, mastergrad er føretrekt
  • Evne til å samarbeide og koordinere
  • Kunnskap om politiske prosessar og forståing for skjeringspunktet politikk/administrasjon
  • Kunnskap om saksframstilling for politiske utval eller styrande organ
  • God økonomiforståing og erfaring frå strategisk og operativt økonomiarbeid
  • Kjennskap til og/eller erfaring med kommuneøkonomi vil bli vektlagt
  • God kjennskap til relevant lovverk
  • God digital kompetanse
  • Personlege eigenskapar vil blir vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Strukturert, analytisk og strategisk
  • Høg arbeidskapasitet og leverer til rett tid
  • Mål- og resultatorientert
  • Sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • Evne til å formidle, lære opp medarbeidarar og rettleie (serviceinnstilt)
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter, både skriftleg og munnleg

Me tilbyr

  • Ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
  • Bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Søknadsfrist: 25.07.21

Generelt om søknadsprossen

Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

SØK HER

Powered by Labrador CMS