LEDIG STILLING:

Årdal VGS søkjer elektro/ automasjonslærar

Ein av våre tilsette på elektroavdelinga skal over i ny jobb. Vi har difor ledig 100% fast stilling frå 01.12.2021.

Om arbeidsgivar:

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Arbeidsoppgåver

Stillinga vil vera retta mot undervisning på programområdet elektro og datakommunikasjon. Det vil vere undervisning på vg1 elektro og datakommunikasjon, og på vg2 /vg3 automasjon. For oss er det viktig å halde god kontakt med bedrifter og samarbeide med næringsliv om praksisplassar for elevane.


Kvalifikasjonar

Vi søkjer ein person med relevant utdanning og erfaring innan elektro og automasjon. Med relevant utdanning meiner vi Teknisk fagskule, ingeniørhøgskule , yrkesfaglærarutdanning eller relevant praksis. Fast tilsetjing i vidaregåande skule krev pedagogisk kompetanse, men ved manglande ped.kompetanse vil det bli krav om påbegynnt PPU innan 3 år.


Personlege eigenskapar

Vi søker ein person:

  • som har gode samarbeidsevner
  • har eit positivt elevsyn
  • som er fagleg dyktig
  • som er god på kunnskapsdeling
  • som er utviklingsorientert


Vi tilbyr

  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Andre opplysningar

Vi gjer merksam på:
I følgje offentleglova §25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste.
Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom dette vert gjort.
Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk.
Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.

Kontaktinformasjon
Geir Kjetil Øvstetun, rektor, +47 906 943 34, [email protected]

Søknadsfrist: 17.09.2021

SØK HER

Powered by Labrador CMS