LEDIG STILLING:

Årdal kommune treng sjukepleiarar i institusjon og i heimesjukepleie

Er du sjukepleiar med interesse for eldreomsorg?

Om arbeidsgivar:

Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune.

Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært.

Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein

kulturell- og idrettsaktiv kommune.

I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule.

På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette. Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning og kan yte lån/tilskot til tilsette som skaffar seg eige husvære i

kommunen.

Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no,

www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram.

Velkomen til oss i Årdal!

Me treng sjukepleiarar i institusjon og i heimesjukepleie
Årdal kommune har fleire ledige stillingar innan pleie og omsorg, både faste og vikariat, frå 80 % til 100 %.

Me søkjer etter sjukepleiarar, og har ledige stillingar både i heimesjukepleie og på sjukeheimane.

Om du brenn for spesifikke fagområde har omsorgstenesta i kommunen ressursgrupper innan kreft, oksygenbehandling og demens der du kan bidra til å utgjere ein skilnad for bebuarane våre.

Me har fokus på velferdsteknologi og kvardagsrehabilitering, som kan bidra til at brukarane våre kan bu lengre heime.

Arbeidsoppgåver
Ved sjukeheimen er primæroppgåvene :

  • utføring av pleie og omsorgsoppgåver av pasientar innanfor eige kompetanseområde
  • utføring av arbeidsoppgåver i tråd med vedtak og tildelt arbeidsliste
  • dokumentere etter gjeldande lov og forskrift, jfr. gerica
  • kunne vere primærkontakt og utføre oppgåver etter gjeldande prosesdyrer
  • kunne delta i opplæring og rettleiing av nytilsette og lærlingar
  • bidra til godt arbeidsmiljø saman med tilsette og leiarar ved sjukeheimen
  • bidra ti lat ressursane i avdelinga vert nytt best mogeleg

I heimesjukepleen er primæroppgåvene:

  • naudsynt helsehjelp og rettleiing til pasientane
  • utføring av arbeidsoppgåvene i tråd med vedtak
  • dokumentere etter gjeldande lov og forskrift. jfr gerica
  • fokus på kartlegging av nye pasientar, ernæringsoppfølging, vurdering av tilstand og palliativ omsorg

Det er stor variasjon i arbeidskvardagen og me jobbar etter eit prinsipp basert på fagleg kompetane og tillit til til av den vert nytta på best måte.

Kvalifikasjonskrav

For sjukepleiar krev me godkjend sjukepleieutdanning med norsk autorisasjon.
Du må kunne beherske norsk godt, både skiftleg og munnleg.
Du må ha god IKT kunnskap.
I tillegg må du ha sertifikat for bil, kl. B

Personlege eigenskapar

  • du må vere ansvarsbevisst og sjølvstendig
  • du må kunne samarbeide godt og bidra til at alle får ein best mogeleg arbeidskvardag
  • du må kunne trivast i eit aktivt og til tider travelt miljø med varierte utfordringar
  • du likar å bruka heile spekterert i sjukepleiarfaget, er nysjerrig på vidareutvikling og likar faglege utfordringar

Personlege eigenskapar vert spesielt vektlagt.

Me tilbyr

Som sjukepleiar i Årdal kommune vil du få ein interessant og utfordrande jobb saman med dyktige kollega. Ingen dagar er like og arbeidsoppgåvene er varierte.

Løn etter tariff og god pensjons ordning, inkl. personforsikring.
Nytilsette kan få ei rekrutteringsstipend på kr. 30 000,-.
Ved kjøp av bolig kan du få eit lån på kr. 50 000,- og tilskot på kr. 30 000,-.

Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Ring gjerne for ein prat, så kan me fortelja meir!

Andre opplysningar

Det er døgnkontinuerleg drift i tenesta med 3-delt turnus med arbeid 3 av 8 helger.
Det er planlagt årsturnus frå 2022 som prøveprosjekt ved Seimsdal sjukeheim.
Løn etter utdanning og praksis, me før hovudtariffavtalen.
2 % av løna vert trekt til avtalefesta pensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsetjing i Årdal kommune.

Politiattest vil verte krevd.

Sidan me har behov for snarleg tilsetjing kan me komme til å kalle inn aktuelle kandidatar før søknadsfristen er ute.

Gå til ledige stillingar på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no

Søknadsfrist 13.12.2021

Kontaktperson
Hilda Nese, Tenesteleiar for pleie og omsorg, tlf: 94815663, mobil: 94815663, [email protected]

Powered by Labrador CMS