LEDIG STILLING:
Årdal kommune søkjer styrar til Haugane barnehage
Kan du tenka deg å bli vår nye leiar?
Me har ledig 100 % stilling som styrar i Haugane barnehage.
Som styrar har du ansvar for:
- dagleg drift av barnehagen med ansvar for fag, personalleiing og administrasjon inkl. økonomi
- å leie og vidareutvikle barnehagen i tråd med barnehagelova, rammeplan og andre overordna vedtak
- å legge tilrette for godt samarbeid med foreldre og andre samarbeidspartar
- å vere del av styrargruppa
- å kunne bidra på avdelinga ved behov
Kvalifikasjonskrav
- utdanning som barnehagelærar eller anna høgskuleutdanning som gjev barnefagleg og pedagogisk kompetanse, jfr. barnehagelova § 24
- erfaring frå arbeid i barnehage og leiarerfaring er ei føremon
- god framstillingsevne munnleg og skriftleg
- godkjend politiattest
Me ser etter ein leiar som er:
- positiv, engasjert og relasjonsorientert
- oppteken av kvalitet på tenesta, er strukturert og målretta
- oppteken av god dialog og godt samarbeid for å skape ein utviklande barnehagekvardag prega av god omsorg og trygt miljø for både born og vaksne
- oppteken av glede, meistring og utvikling
- er lojal mot lov, avtaleverk og kommunene sine retningslinjer og mål
Me tilbyr
- arbeid i ein veldriven kommunen med gode og sikre rammevilkår
- kompetente og hyggelege medarbeidarar
- samarbeid med engasjerte og erfarne styrarar
- kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Kontaktperson: Odd Einar Fimreite, mob: 905 18 131, epost: odd.einar.fimreite@ardal.kommune.no
Søknadsfrist: 12.06.2023
SØK HER