LEDIG STILLING:

Årdal kommune søkjer ringevikarar til psykisk helseteneste

Om arbeidsgivar:

Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune.

Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune.

I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule.

På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette. Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning og kan yte lån/tilskot til tilsette som skaffar seg eige husvære i kommunen.

Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram.

Velkomen til oss i Årdal!

Psykisk helseteneste i Årdal kommune søkjer etter ringevikarar


Arbeidsoppgåver

Psykisk helseteneste er samlokalisert på Årdalstangen i nyoppussa lokale i Tangevegen 14. Her har me døgnbemanna bustader, lågterskel dagtilbod samt samtaletilbod, samtalerom. Det er turnus med 12 timars vakter på dag/natt samt ordinære dagvakter.


Kvalifikasjonskrav

  • Personar med helsefagleg høgskule utdanning og studentar
  • Helsefagarbeidarar
  • Personar med erfaring frå tilsvarande arbeid
  • Førarkort klasse B
  • Gyldig politiattest


Personlege eigenskapar

  • Evne til å skape relasjonar og tillit med brukarane
  • Høg arbeidskapasitet
  • Samarbeidsorientert og lojal
  • Sjølvstendig og fleksibel

Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.

Grunna arbeidets art vil det verte særleg vektlagt at ein er tilgjengeleg og fleksibel i høve når ein har høve til å jobbe. For å sikre stabilitet vil det verte vektlagt at ein har høve til å vere tilgjengeleg som vikar over lengre tid framover.


Me tilbyr

  • Høve til å delta i utviklinga av ei spennande teneste.
  • Varierte arbeidsoppgåver i samarbeid med brukarane med fokus på meistring og aktivitet
  • Godt arbeidsmiljø og samarbeid med dyktige kollegaer
  • Løn etter kommunalt regulativ


Lønn og tilsettingsvilkår

Stillinga er løna etter utdanning og kvalifikasjonar etter HTA.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.


Søkandsfrist: 24.06.21

Søk her

Powered by Labrador CMS