LEDIG STILLING:

Årdal kommune søkjer prosjektleiar

Årdal kommune er i startgropa av bygging av nytt omsorgssenter. I tillegg skal kommunen i åra som kjem gjennomføre andre fleire større spennande byggeprosjekt, som kan vere aktuelle i høve stillinga. I den samanheng søkjer me etter erfaren og driftig prosjektleiar.

Om arbeidsgivar:

Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune.

Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune.

I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule. På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette. Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning og kan yte lån/tilskot til tilsette som skaffar seg eige husvære i kommunen.

Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram.

Velkomen til oss i Årdal!

I hovudsak er abeidsoppgåvene:

  • å vera kommunen sin prosjektleiar og ivareta byggherrerolla i større byggeprosjekt
  • økonomioppfølging og rapportering, dokumentasjon og ansvar for naudsynte søknadsprosessar
  • innkjøp og gjennomføring av offentlege anskaffelsar
  • å førebu saker til politisk handsaming
  • ansvar for oppfølging og søknadar på statlege tilskotsordningar

Kvalifikasjonskrav

  • ingeniør, men søkjarar med anna relevant kompetanse kan og vera aktuelt
  • erfaring frå prosjektleiing frå større prosjekt innan bygg- og anleggsbransjen
  • kjennskap til lov om offentleg anskaffelse og offentleg forvaltning
  • god digital kompetanse til å nytta kommunen sine IKT løysingar
  • forstå mekanismane i komplekse og tverrfaglege byggeprosjekt

Personlege eigenskapar

Me ser etter ein person som er:

  • målretta, strukturert og løysingsorientert
  • har gode samarbeidsevner og evne til å jobba sjølvstendig og grundig
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • serviceinnstilt, positiv og initiativrik

Anna informasjon

Administrasjonsspråket er nynorsk

Søkjar må ha førarkort og disponere eigen bil.

Løn og tilsetjingsvilkår

Løn etter avtale utifrå kvalifikasjonar.

Offentleg tenestepensjon og forsikringsordning.

Det er seks månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Søknadsfrist: 11.04.2023

Kontaktperson: Stig Stark-Johansentlf: +47 92414887, epost: stig.stark-johansen@ardal.kommune.no

SØK HER

Powered by Labrador CMS