LEDIG STILLING:

Årdal kommune søkjer økonomisjef

Me søkjer etter ein dyktig økonom som har lyst å vere med oss inn i framtida, og har ledig 100% fast stilling som økonomisjef i Årdal Kommune.

Stillinga er sentral og viktig i kommunens administrative toppleiing som del av kommunedirektørens ledarteam. Økonomisjefen har overordna ansvar for kommunens økonomifunksjon. Herunder budsjett, regnskap, finans, innkjøp, økonomiplan og handlingsprogram, og planmessig oppfølging og rapportering mot desse.

Arbeidsoppgåver

  • Leie økonomistyringa og rapporteringa i kommunen
  • Ansvarleg for budsjettarbeidet
  • Legge fram og saksbehandle saker frå økonomirådet til politiske utval
  • Følgje opp politiske vedtak og prioriteringar
  • Ansvarleg for kommunens eigendomsskatt
  • Ansvarleg for kommunens finansforvaltning og eigarstyring
  • Følgje opp kommunens anskaffelses/innkjøpsstrategi
  • Følgje opp kommunens forsikringsavtalar
  • Delta aktivt i strategisk utviklingsarbeid i kommunen

Me søkjer ein person med

  • Høgare økonomiutdanning frå høgskule/universitet
  • Lang erfaring kan kompensere til ein viss grad for utdanning
  • Leiarutdanning/leiarerfaring
  • Strategisk og operativ erfaring innanfor økonomiarbeid (planlegging, budsjettering, forvaltning og økonomistyring i tillegg til controlleroppgåver og offentleg regnskap/finans)
  • Kunnskap og erfaring frå utviklingsarbeid i større organisasjonar
  • God IKT forståing

Personlege eigenskapar me vil vektleggje

  • Vise gode evne til å samarbeida og engasjera
  • Er fleksibel og sjølvstendig
  • Viser evne til å vere strategisk og analytisk
  • Er løysings- og resultatorientert
  • Viser gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter

Årdal kommune tilbyr

  • Ei strategisk og spanande leiarstilling
  • Store moglegheiter for å bidra til kommunens utvikling
  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmijø med god fagkompetanse
  • Løn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Tilgjenge til bedriftshytte på Skeikampen

Kontaktperson: Stig Stark-Johansen, tlf: +47 924 14 887

Søknadsfrist: 31.05.2023

Søk her

Powered by Labrador CMS