LEDIG STILLING:

Årdal kommune søkjer Miljø og VAR-leia

Om arbeidsgivar:

Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune. Kommunen har eit mål om å bli ein av landet sine fremste miljøkommunar.

Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært.

Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune.

I kommunen er det seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule.

På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette. Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning og kan yte lån/tilskot til tilsette som skaffar seg eige husvære i

kommunen.

Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no,

www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram.

Velkomen til oss i Årdal!

Me har ledig

100 % stilling som miljø- og VAR leiar (vatn, avløp og renovasjon) ved Tekniske tenester.

Stillinga rapporterer til kommunalsjef for teknisk, plan og miljø og er ein del av leiargruppa ved teknisk.


Arbeidsoppgåver

Fag, drift og vedlikehaldsansvar for vatn, avløp og renovasjon, inklusivt tekniske anlegg og bygg i området.

I tillegg ynskjer Årdal kommune å ta posisjon som ein av landet sine fremste miljøkommunar. Til dette arbeidet treng me ein leiar med miljøfokus. Mellom anna skal det arbeidast med ladestasjonar for EL- bilar, utnytting av spillvarme frå industrien, forureining og førebygging når det gjeld skred og flaum.

Leiar vil ha budsjett og personalansvar.

Leiar vil få ansvar for prosjektering og gjennomføring av ulike prosjekt innanfor fagormråda.


Kvalifikasjonskrav

Utdanning som ingeniør eller anna relevant teknisk høgskuleutdanning innafor fagområda.

Personlege eigenskapar

Me ynskjer ein leiar som er utadvendt, resultat- og utviklingsorientert, strukturert, sjølvstendig men samtidig ha gode

samarbeid- og kommunikasjonsevner.


Løn og tilsettingsvilkår

Løn etter avtale.

2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.

Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.


Me tilbyr

Spennande og varierte abeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde.

Kollega med god fagleg kompetanse, godt arbeidsmiljø.

Offentleg sektor har gode pensjons- og forsikringsordningar.


Søknadsprosedyre

Gå til ledige stillingar på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no


Kontaktperson

Stig Stark-Johansen, Kommunedirektør, tlf: 92414887, [email protected]

Bjørn Indrebø, mobil: 95891730, [email protected]


Søknadsfrist:
21.06.2021

Powered by Labrador CMS