LEDIG STILLING:

Årdal kommune søkjer flyktningkonsulent

Årdal kommune søkjer flyktningkonsulent

Nav kontoret i Årdal har ledig 100% vikariat som flyktningkonsulent frå snarast og fram til 31.12.2022. Stillinga kan bli fast.

Arbeidsoppgåver

  • Klargering av bustader for busetting
  • Praktisk oppfølging kring bruka av offentlege og kommunale tenester
  • Oppfølging i introduksjonsprogrammet
  • Arbeidsretta oppfølging
  • Rettleiing kring utdanningsløp
  • Sakshandsaming etter lov om sosiale tenester og integreringslova

Flyktningkonsulentet deltek i tverrfagleg samarbeid mellom dei ulike kommuneeiningane, samarbeid med frivillige lag og organisasjonar om integreringstiltak. Det vil også vere viktig å etablere godt samarbeid med arbeidsgjevarar og næringsliv.

.
Kvalifikasjonskrav

Me søkjer primært etter ein person med:

  • høgskuleutdanning innan helse- og/eller sosialfag, pedagogikk eller samfunnsfag. Relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
  • erfaring med oppfølging av personar, rettleiing og motivasjonsarbeid
  • erfaring med sakshandsaming

Du må ha god skriftleg- og munnleg framstillingsevne og gode digital kunnskap.

.
Personlege eigenskapar

Me ynskjer ein person som:

  • har evne til å motivere og møte menneske med respekt
  • er positiv, tek initiativ, har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • er god på samarbeid og kan dele erfaring og kompetanse

.
Løn og tilsetjingsvilkår

Løn etter avtale og kompetanse.

2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.

Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Du må legge fram godkjend politiattest.

Det er ynskjeleg at du har førarkort.

.
Me tilbyr

Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt og godt arbeidsmiljø med høgt fagleg engasjement og kompetansenivå.

Fleksibel arbeidstid.

.
Søknadsprosedyre

Gå til ledige stillingar på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no

.
Kontaktperson

Marita Midtun, Leiar for Nav Årdal, mobil: 97104079, [email protected]

.
Søknadsfrist
30.09.2021

SØK HER

Powered by Labrador CMS