LEDIG STILLING:

Årdal kommune søkjer ferievikarar til pleie og omsorgstenesta, og bu- og miljøtenesta

Vil du være ferievikar i pleie og omsorgstenesta sommaren 2022?

Heimetenesta / institusjonane treng i tida ca.01.06.22 - 14.08.22, ferievikarar i følgjande stillingar:

HEIMEHJELPTENESTA:
Heimehjelparar i Øvre Årdal og på Årdalstangen.
Det er arbeid på dagtid.

PERSONLEG ASSISTANSETILTAK:
Helsefagarbeidarar (studentar/elevar) og assistentar til arbeid i brukarane sin heim. Turnusarbeid.

ÅRDAL SJUKEHEIM:
Sjukepleiarar/hjelpepleiarar/omsorgsarbeidarar/ helsefagarbeidarar (studentar/elevar) og assistentar til arbeid innan pleie. Turnusarbeid.

PRODUKSJONSKJØKKEN:
Kokk/assistentar til arbeid på produksjonskjøkken og kjøkken ÅBO. Turnusarbeid.

SEIMSDAL SJUKEHEIM:
Sjukepleiarar/hjelpepleiarar/omsorgsarbeidarar/helsefagarbeidarar ( studentar/ elevar) og assistentar til arbeid i pleie. Turnusarbeid.

HEIMESJUKEPLEIEN:
Årdalstangen har kombinert arbeid i utesone og 1. etg. Årdal sjukeheim.
Øvre Årdal har 2 soner (ute og ÅBO).
Vi treng sjukepleiarar/hjelpepleiarar/omsorgsarbeidarar/helsefagarbeidarar, sjukepleiestudentar. Turnusarbeid. Du må ha førarkort.

KORTTIDSAVDLINGA ÅBO:
Sjukepleiarar/sjukepleiestudentar. Turnusarbeid

Løn og tilsettingsvilkår
Der det er turnusarbeid er det arbeid inntil kvar 2. helg.
Løn vert utbetalt etter kvalifikasjonar/utdanning/ praksis og HTA (Hovedtariffavtalen).
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.

Andre opplysningar
Søknader til stillingane vert vurdert fortløpande.
Søknadsfristen kan bli utvida.
I hovudsak bør du vera over 18 år, men yngre enn 18 år vil og bli vurdert.
Søkjarar må kunne beherske norsk munnleg og skriftleg og du må pårekne å arbeide heile ferieperioden.
Politiattest vil bli krevd, jfr. Lov om helse- og omsorgstenester.

SØKNADEN MÅ INNEHALDE:

Kva stillingar og kvar du søkjer (i prioritert rekkefølgje).
Du må skriva i søknaden om du har førarkort, oppgi telefonnummer og e-postadresse

...

Vil du være ferievikar i bu- og miljøtenesta sommaren 2022?

Bu- og miljøtenesta treng ferievikarar sommaren 2022 i bufellesskapa Grandane, Uravegen og Klyngetunet.

Ferievikariatet gjeld for perioden ca 01.06.22- 14.08.22, opplæring kan gjenommførast fra vinter-/påskeferie 2022.

Vi ynskjer personar som har erfaring og/eller interesse for å arbeide med menneske med nedsett funksjonsevne.

Det er ulike turnusordningar i avdelingane. Nokre arbeider i kombinasjonsturnus med korte og lange vakter, medan andre arbeider lange vakter og i medlever-turnus.

Søkjarane bør helst vera over 18 år, da det er turnusarbeid.

I nokre av tiltaka er det ein fordel å ha førarkort i klasse B, skriv om du har førarkort.

Det er høve til å starte opplæring eller vera vikar, etter at søknadsfristen er ute.

Løn og tilsettingsvilkår
Løn vert utbetalt etter kvalifikasjonar/utdanning/ praksis og HTA (Hovedtariffavtalen).
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.

Andre opplysningar
Søknader til stillingane vert vurdert fortløpande.
Søknadsfristen kan bli utvida.
Søkjarar må kunne beherske norsk munnleg og skriftleg og du må pårekne å arbeide heile ferieperioden.
Politiattest vil bli krevd, jfr. Lov om helse- og omsorgstenester.

SØKNADEN MÅ INNEHALDE:
Du må skriva i søknaden om du har førarkort, oppgi telefonnummer og e-postadresse.

..

..

Søknadsfrist 31.01.2022

Kontaktpersonar

Hilda Nese, Tenesteleiar for pleie og omsorg, mobil: 94815663, [email protected]

Marita Opheim, Leiar for bu- og miljøtenesta, mobil: 99521531, [email protected]

..

SØK HER

Powered by Labrador CMS