LEDIG STILLING:

Årdal kommune søkjer ferievikarar i Psykisk helseteneste og Årdal legekontor 2022

Me har behov for ferievikarar innan psykisk helseteneste og på Årdal legekontor sommaren 2022:

PSYKISK HELSETENESTE treng ferievikarar i tida ca. 13.06.22 - ca. 14.08.22.
Me ønsker personar som har erfaring og/eller interesse for å arbeide med menneske med psykisk liding og rusutfordringar.
Me oppmodar spesielt personar som er under utdanning innan helse - og sosialfag til å søka.
Arbeidet er i psykisk helseteneste sine lokale i Tangevegen 14. I tillegg er det arbeid i form av heimebesøk og aktivitetar.
Det er turnusarbeid med 12 timars vakter på dag og natt.
Søkjarane må vera over 18 år og det er krav om sertifikat.
Politiattest vert kravd framlagt, jf. Helse- og omsorgstenestelova.

ÅRDAL LEGEKONTOR treng ferievikar i tidsrommet 20.06.22 - 12.08.22
Det er arbeid på dagtid og søkar må vera over 18 år.
Me ønsker ein person med medisinsk fagleg bakgrunn og/eller har starta utdanning innanhelsefagarbeidar/sjukepleiar som er kunnskapsrik, ønsker å lære nytt, er imøtekommande.
Du vil vere eit bindeledd mellom pasient og anna helsepersonell.
Me gledar oss til du kjem og du skal få god opplæring.
Politiattest vert kravd framlagt, jf. Helse- og omsorgstenestelova.

Lønn og tilsettingsvilkår

Stillingane er løna etter HTA (Hovudtariffavtalen) og vert vurdert utifrå utdanning og praksis.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon

Kontaktperson

Søknadsfrist: 31.01.22

SØK HER

Powered by Labrador CMS