LEDIG STILLING:

Årdal kommune søkjer arkivmedarbeidar

Om arbeidsgivar:

Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune.

Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune.

I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule.

På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette. Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning og kan yte lån/tilskot til tilsette som skaffar seg eige husvære i kommunen.

Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram.

Velkomen til oss i Årdal!

Årdal kommune søkjer etter medarbeidar ved arkivet vårt. Stillinga er knytt til stab/støtte.
I fyrste omgang er det eit vikariat i 100% stilling inntil 31. desember 2021. Det kan bli 50% fast stilling etterkvart.

Arkivtenesta er sentralisert og plassert på Rådhuset. Det er to tilsette ved arkivet og me brukar Acos Websak som sak/arkiv system.


Arbeidsoppgåver

Hovudarbeidsoppgåver vil vere posthandtering, journalføring, skanning, registrering og fordeling av saker/dokument og anna førefallande arbeid i arkivet.

I tillegg vil medarbeiaren mellom anna ta del i arbeidet med:

  • kontroll av offentleg postjournal
  • ajourhald av saks og bygningsarkiv
  • fjernarkiv* opplæring av sakshandsamarane
  • dagleg service til sakshandsamarane og publikum i høve innsynskrav


Ynskja kvalifikasjonar

  • Relevant arkivkompetanse
  • God IT kunnskap og kjennskap til elektronisk sak/arkivsystem
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Manglande formell arkivkompetanse kan kompenserast med erfaring frå relevant arbeid. Du må da vere villig til å tileigne deg den formelle kompetansen gjennom tilbydd relevant opplæring/kurs/utdanning. Det er viktig at den som vert tilsett har eller opparbeider seg fagleg kompetanse etter gjeldande lov og regelverk som gjeld for området.


Personlege eigenskapar

Me ynskjer ein medarbeidar som yter godt arkivfagleg arbeid, inklusivt god service til sakshandsamarane og publikum. Du må kunne jobbe strukturert, vere nøyaktig, kunne jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre. Du må kunne takle travle arbeidsdagar og kunne prioritere arbeidsoppgåvene. Samarbeidsevner og personleg eigenskapar vert veklagt.


Løn og tilsetjingsvilkår

Tilsetjinga skjer etter gjeldande lov og regelverk. Løn etter utdanning og erfaring. Tariffesta tenestestepensjon (KLP) vert trekt med 2 % av løn pr. månad. Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Søknadsfrist: 23.08.21

SØK HER

Powered by Labrador CMS