LEDIG STILLING:

Årdal kommune: Skal du bli sjukepleiar, vernepleier eller barnehagelærar og interessert i utdanningsstipend?

Om arbeidsgivar:

Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune. Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune. I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule. På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette. Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning og kan yte lån/tilskot til tilsette som skaffar seg eige husvære i kommunen. Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram.

Velkommen til oss i Årdal!

Dersom du utdannar deg til sjukepleiar, vernepleiar eller barnehagelærar kan du få utdanningsstipend hjå oss med tilsetjingsgaranti.

Det er ikkje avgjort kor mange stipend me kjem til å dele ut. Det må sjåast i samanheng med kva søknader me får inn og det bemanningsbehovet me ser framover i tid.

Det er utarbeida retningslinjer for stipendordninga. Nokre av vilkåra er:

  • årleg stipend på kr. 35 000,-, utbetalt vår og haust
  • tilsetjingsgaranti ved fullført og greidd studie, 100 % stilling
  • i studietida må du etter avtale arbeide som ferievikar sommar, påske og eventuelt andre høgtider
  • bindingstid vil vere 2 år etter at du er starta i stillinga

Dersom du er interessert sender du oss ein søknad med informasjon om deg sjølv, studie og kor langt du er komen i studieløpet.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Den som får tildelt stipend vil inngå ein avtale med kommunen.

Me ser fram til søknaden din!

Søknadsfrist: 24.11.2022

SØK HER

Powered by Labrador CMS