LEDIG STILLING:

Årdal kommune har ledige stillingar i barnehagane

Barnehagelærar/pedagogiske leiarar i barnehagane

Me har ledig

Barnehagane i Årdal kommune har behov for å tilsetja barnehagelærarar og eventuelt pedagogiske leiarar.

Det kan bli både faste stillingar og vikariat.

Kvalifikasjonskrav

Til stillingar som barnehagelærar vert det krevd utdanning som barnehagelærar.

Me ønskjer personar som har gode samarbeidsevner og er fleksible, men må og kunne arbeida sjølvstendig og ha gode evner til å sjå enkeltbarn og heile barnegruppa.

Løn og tilsettingsvilkår

Stillingane er løna etter HTA, og vert vurdert utifrå utdanning og praksis.

Løn som barnehagelærar er mellom kr.423 500 - kr. 523 100,- vurdert utifrå ansiennitet.

Som pedagogisk leiar er det eitt funksjonstillegg på kr. 23500,- pr. år i 100% st.

Gode pensjon- og forsikringsordningar (2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon).

Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr

Trivelig arbeid med ungar i ein hektisk kvardag og godt arbeidsmiljø.

....

Fagarbeidar/assistent i barnehagane

Me har ledig stillingar i barnehagane

Med atterhald om politisk godkjenning kan det bli ledige stillingar som fagarbeidar/assistent i barnehagane i Årdal kommune frå nytt barnehageår.

Kvalifikasjonskrav

Til stillingar som fagarbeidar/assistent er det ei føremon med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men andre med anna relevant utdanning/praksis kan og søkje.

Me ønskjer personar som har gode samarbeidsevner og er fleksible, men må og kunne arbeida sjølvstendig og ha gode evner til å sjå enkeltbarn og heile barnegruppa.

Løn og tilsettingsvilkår

Stillingane er løna etter HTA.

Som fagarbeidar er løna mellom kr. 363 700 - kr.446 000,-

som assistent er løna mellom kr. 312 900,- - 419 400,-

2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.

Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr

trivelig arbeid med ungar i ein hektisk kvardag og godt arbeidsmiljø.

....

Søknadsfrist: 16.05.2022

Kontaktperson
Odd Einar Fimreite, Kommunalsjef, tlf: 90518131, [email protected]

Powered by Labrador CMS