LEDIG STILLING:

Utsikt frå 1000 meteren.
Utsikt frå 1000 meteren.

Årdal kommune har ledig vikariat som lærar i vaksenopplæringa

Om arbeidsgivar:

Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune.

Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært.

Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein

kulturell- og idrettsaktiv kommune.

I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule.

På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette. Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning og kan yte lån/tilskot til tilsette som skaffar seg eige husvære i

kommunen.

Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no,

www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram.

Velkomen til oss i Årdal!

Me har ledig 100% vikariat som lærar ved Vaksenopplæringa f.o.m. 01.01.22 og inntil 31.07.2022.

Arbeidsoppgåver
Vaksenopplæringa har ansvaret for:

  • Grunnskule for vaksne etter opplæringslova §4A-1 i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet.
  • Grunnskule for vaksne etter §4A-1, norsk for praksiskandidatar (helsefagarbeidarutdanning).
  • Spesialundervisning for vaksne etter opplæringslova §4A-2.
  • Norsk og samfunnskunnskap, foreldrerettleiing og livsmeistring for vaksne innvandrarar etter ny integreringslov, i samsvar med Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.

Søkjar må vere innstilt på å gå inn i fleire av arbeidsoppgåvene ved tenesteområdet.

Kvalifikasjonskrav

Godkjent pedagogisk lærarutdanning, i kombinasjon med formell undervisingskompetanse i grunnskulefaga norsk, samfunnsfag, naturfag, matematikk og engelsk. Vidareutdanning i spesialpedagogikk, norsk som andrespråk eller vaksenpedagogikk er også teljande.

Personlege eigenskapar

Fleksibilitet og gode samarbeidsevner vil verte vektlagt.

Samstundes ønskjer vi ein person som er løysingsorientert, sjølvstendig, strukturert, målretta, tolmodig og inkluderande. Ein må også syne evne og ansvar for å samarbeide med andre tenesteområde, verge og føresette kring enkeltelevar.

Løn og tilsettingsvilkår

Løn etter avtaleverket vurdert utifrå utdanning og praksis.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil verte kalla inn til intervju.
Sidan det kan vere mindreårige under opplæring ved Vaksenopplæringa, må søkar kunne legge fram godkjent politiattest før tiltreding i stilling.

Gå til ledige stillingar på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no

Søknadsfrist: 03.01.2022

Kontaktperson

Veronika Bjørnerud, Rektor i vaksenopplæringa, mobil: 45979529, [email protected]

Powered by Labrador CMS