LEDIG STILLING:

Årdal Energi Holding AS sin leiar skal gå av med pensjon i april og vi søkjer etterfølgjaren hans. Er det deg?

Årdal Energi Holding søkjer dagleg leiar

Om Årdal Energi Holding AS:

Om Årdal Energi Holding AS:

Årdal Energi Holding er eit energiselskap med hovudkontor i Øvre Årdal. Selskapet er organisert som konsern med dotterselskapa Årdal Kraftlag AS, Årdal Energi Nett AS og Årdalsnett AS. Hovudaktivitetar i konsernet er nettdrift, kraftomsetning og breiband. Totalt har konsernet ei årsomsetnad på ca. 100 MNOK og 27 tilsette ved inngangen til 2022. Selskapet er eigd av Årdal kommune og har i stor grad alle sine kundar og aktivitetar innanfor kommunen sine grenser.

Dagleg leiar/administrerande direktør

Årdal Energi Holding AS sin leiar skal gå av med pensjon den 01.04.2022 og vi søkjer etterfølgjaren hans. Selskapet er inne i ein fase med store strukturelle og teknologiske endringar, der det blir svært viktig å tilpasse organisasjonen i takt med endra rammevilkår, digitalisering og auka konkurranse.

Konsernet si verksemd består i dag av Årdal Energi Nett AS distribusjonsnett for straum (monopol), Årdal Kraftlag AS (kraftomsetning) og Årdalsnett AS (breiband). I tillegg deleigar i selskap som driv med samt planlegg kraftproduksjon (Seimsdal Kraft AS og Offerdal Kraftverk AS). Dagleg leiar/administrerande direktør vil vera konsernet sin øvste leiar og med deg får du ein organisasjon med høg kompetanse, engasjerte medarbeidarar og stor lagånd. Med Årdal kommune som eigar og innbyggarar/næringsliv som kundar, er det viktig å balansera samfunnsoppgåva på vegner av fellesskapet, samtidig som ein skal ivareta kostnadseffektiv og forretningsmessig drift.

Bransjen er under stor omstilling og det blir avgjerande for selskapet sin utvikling at leiar ser moglegheiter i kommande endringar, basert på omsynet til lokal forankring, kompetanse, arbeidsplassar og beredskap.

Vi ønskjer oss ein leiar med evne til å leia ein organisasjon med ulike verksemder. Du har relevant høgare utdanning og leiarerfaring. Du har god kunnskap innan områda teknologi, økonomi og marknad, samtidig som du forstår verdien av lokalt eige, kultur og forankring. Du har evna til å engasjere, inkludera og motivera dine medarbeidarar, men er tydeleg og besluttsom. Det vert lagt vekt på bransjeerfaring og forankring i regionen.

Interesserte kan ta konfidensiell og uforpliktande kontakt med styreleiar Egon M. Moen tlf. 900 82 415,

Søknad med CV vert å senda til e-post [email protected] innan 15. desember 2021.

Powered by Labrador CMS