LEDIG STILLING:

Årdal Energi Holding AS søkjer prosjektutviklar innan fornybar energi

Om arbeidsgjevaren:

Årdal Energi Produksjon er eit nyoppretta dotterselskap av Årdal Energi Holding AS. Konsernet består av selskap innan straumforsyning, straumsal, programvareutvikling, fiber og TV. Konsernet held til i Utladalsvegen i Øvre Årdal og har 30 tilsette.

Årdal Energi Holding AS har ein ambisjon om å verte ein sterk aktør innan fornybar energi i vårt området, og skal gjennom sin forretningsstrategi satsa på fornybar kraftproduksjon. Årdal Energi Holding har nyleg etablert selskapet Årdal Energi Produksjon, som skal ta denne satsinga vidare.

Difor søkjer me etter ein engasjert og dyktig prosjektutviklar som vil vera med å utvikle selskapet, og drive fram våre pågåande spillvarme og vasskraft prosjekt. Den rette kandidaten vil vera ansvarleg for å identifisera, utvikla og implementera prosjekt innan fornybar energi. I tillegg vil den rette kandidaten få ei sentral rolle i oppbygginga av selskapet, og bidra til å forma framtida for berekraftig energiproduksjon i Årdal.

Stillinga inngår i konsernleiinga til Årdal Energi Holding og rapporterer til dagleg leiar.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg leiing av Årdal Energi Produksjon
  • Prosjektleiing og oppfølging av prosjekt
  • Identifisere og utarbeide prosjekt innan fornybar energi
  • Administrere heile utviklingsprosessen i prosjekt frå forhandlingar og fram til investeringsvedtak
  • Vera oppdatert på gjeldande lovar og reglar
  • Delta i leiargruppa

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • Høgare teknisk utdanning innan energi, elektro eller liknande fagfelt
  • Erfaring med prosjektutvikling og leiing
  • Kunnskap om fornybare energikjelder
  • Kunnskap om relevante lovar og reglar for utvikling av kraftanlegg
  • Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonseigenskapar
  • Kommersiell og forretningsmessig orientert
  • Evne til å byggje sterke relasjonar internt og eksternt
  • Interesse for fagfeltet og pådrivar for å utvikle selskapet inn i det grøne skifte

Årdal Energi kan tilby

  • Ein spennande jobb i ein framtidsretta bransje
  • Godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjon- og forsikringsordningar
  • Gode utviklingsmoglegheiter
  • Konkurransedyktige vilkår

For meir informasjon om stillinga kontakt: Dagleg leiar i Årdal Energi Holding AS, Jan Stian Smedegård, tlf. 480 31 258

Søknadsfrist 06.10.2023

SØK HER

Powered by Labrador CMS